Logo
Lenke til 2012 10 Strilen Moldova artikkel Lenke til 2012 10 Nh Moldova artikkel
Les meir

Solidaritetsaksjon på Os Gymnas

Tidlegare i haust var elevane Oda Wågsæther Egenæs og Aleksandra Hjelle frå Os Gymnas med til Moldova. Tysdag 16. oktober heldt dei foredrag for alle medelevane sine på gymnaset, og dei hadde laga ei fin PowerPoint-framsyning med bilete frå Hjelp Moldova sitt arbeid. Med fokus på synshjelp-prosjektet oppfordra dei medelevane sine til å gjere ein innsats på solidaritetsdagen skulen arrangerer den 25. oktober. Følg denne linken til www.midtsiden.no og ein flott artikkel om dette arbeidet.
Les meir
Torsdag 11. oktober kl 18.00 inviterer Norges Blindeforbund, avdeling Hordaland, til informasjonsmøte om syn i Grand Selskapslokaler i Bergen. Hans Bjørn Bakketeig, leder for Hjelp Moldova, deltar på møtet.  Foredraget hans har tittelen Hjelp til selvhjelp for synshemmede i Moldova. Programmet finn du vedlagt.
Les meir

OBJF-konsert for Hjelp Moldova

Rundt 70 personer fant veien til Peppes og Osørens Blues og Jazzfestival (OBJF) sin veldedighetskonsert til inntekt for «Hjelp Moldova» den 17. september. Ikke verst på en mandag i øs, pøs regnvær! Det var mange kommentarer i døren som flott tiltak, dette er vi med og støtter, kanonbra og gleder oss til en ny opplevelse. Mer om konserten finner du på OBJF sine hjemmesider. Foto: Ingunn E. Bakketeig Tusen takk for dette flotte tiltaket, med hilsen fra Hjelp Moldova!
Les meir
Trafficking, eller menneskehandel, er eit omfattande og alvorleg problem over heile verda. Moldova er eit av dei landa som er hardast råka av det vi kan kalla vår tids slaveri. Mange moldovske kvinner og menn er rettslause offer for kjøp og sal, og vert kynisk utnytta som billeg arbeidskraft, eller i prostitusjon. Bakgrunnen for dette er først og fremst fattigdom. Ecaterina Berejan leiar regjeringa sin komite med spesialoppgåve å bekjempa menneskehandel i Moldova. Tove Brandvik og Hjelp Moldova møtte henne og medarbeidarane hennar i det moldovske regjeringsbygget.
Les meir

Med Tove i Moldova:
FN-møte i Chisinau

Nicola Harrington-Buhay tok til som FN sin plassjef i Moldova (UN Resident Coordinator/UNDP Resident Representative) for berre vel ein månad sia. UNDP er forkorting for United Nations Developement Programme; FNs utviklingsprogram. Prioriterte oppgåver for FN i Moldova er å hjelpa landet til å utvikla eit demokratisk styresett og lovverk som inkluderer menneskerettar og miljøvern. I dette ligg også program for inkludering av menneske med nedsett funksjonsevne slik som til dømes synshemma.Vi inviterte oss sjøl til møte med den ferske FN-utsendingen, og fekk kjapt positivt svar. Bildet: Nicola Harrington-Buhay på plass i ny jobb i Chisinau (Foto: Frå FN si Moldova-webside).
Les meir

Tove Brandvik i Moldova. Dag 2

Dag 2 starta grytidleg med besøk på Municipal Universitetssjukehus der professor Valeri Cusnir tok mot. Cusnir er Moldovas fremste augelege. Hjelp Moldova har samarbeidd med professoren og hans stab i snart ti år, og tilført  sjukehuset vesentlege verdiar i form av utstyr og kompetansebygging. Tove Brandvik fekk ei grundig innføring i kva betydning den norske hjelpa har for at augeavdelinga ved sjukehuset i det heile tatt er operativ. Bildet: Professor Cusnir gav velduftande, moldovske blomar til Tove.
Les meir

Tøff tur med Tove Brandvik – Dag 1

Stortingsrepresentant Tove Brandvik (AP)  slo følgje med Hjelp Moldova til Chisinau i midten av september. Den tidlegare Lindås-ordføraren har over lang tid vist interesse for hjelpearbeidet vårt. No fekk ho ved sjølsyn erfara korleis kvardagen for vanlege folk og folk med nedsett funksjonsevne i Europas fattigaste land kan arta seg.

- Eg ser at Moldova på alle plan har umetteleg trong for hjelp og bistand til å byggja landet;. Eg er imponert over det Hjelp Moldova står for i så måte. Innsatsen dykkar dreier seg ikkje om milde gåver, men om å byggja struktur, kompetanse, kapasitet og varige verdiar, seier Tove. Bildet: På Synssenteret: Tove Brandvik observerer Tatiana Ghidirimshi som undersøkjer ein pasient.
Les meir
Elevar frå Os vidaregåande skule (Os vgs) og Os gymnas (Os gy) engasjerer seg for fullt i solidaritetsarbeid for Moldova. I september 2012 reiste elevar og lærarar frå begge skulane til Moldova for læra meir om tilhøva i landet og sjå kva pengane dei jobbar inn, vert nytta til. I hovudstaden Chisinau møtte dei stortingsrepresentant Tove Brandvik frå Lindås som også var på tur for å setja seg inn i moldovske tilhøve, og læra meir om arbeidet Hjelp Moldova utfører i Europas fattigaste land. (Meir frå Tove sitt besøk kjem i seinare innslag). Bildet: Tove Brandvik saman med elevane Therese Hjelle, Aleksandra Hjelle, Ola Haraldseid og Oda Waagseter Egenes.
Les meir
Hans Bjørn Bakketeig fekk seg ei stor overrasking under Osøren Blues og Jazzfestival (OBJF) sitt bluesarrangement på Peppes, Os, den 31. august. Dei hadde nemleg bestemt seg for å støtta organisasjonen «Hjelp Moldova», og i pausen fekk han overrekt ein sjekk på 10 000 kroner til arbeidet med synshemma born i Moldova. Overraskinga var stor!
Les meir