Posted by Kaare on 31 Oct 2012 in 2012
-Det er gjevande og kjekt å helsa på kollegaer i Sør-Moldova og utveksla erfaringar. Oppfølgjing er ein viktig og naudsynt del av arbeidet vårt. Det inspirerer og engasjerer, seier Tatiana Ghidirimshi og Hans Bjørn Bakketeig.
Legar frå poliklinikkane i sør var mellom dei første som deltok på kursa for personale som arbeider med synshemma, Tysdag denne veka hadde dei to gjensyn med kollegaer i Comrat og Ceadir - Lunga. I byen Comrat var det også sett av tid til utredningar av to sterkt synshemma jenter; den eine var 12 år gamle Tatiana Urum (bildet) som får seg nye briller neste gong Hans Bjørn kjem til Moldova.
Les meir
Posted by Kaare on 30 Oct 2012 in 2012
Anastasia Capani (14) var flinkaste eleven i klassen før ho fekk hjernesvulst med sterk synshemming som biverknad etter to operasjonar. Med handicappet sitt får ho ikkje lenger gå på skulen, men må ta til takke med heimeundervising nokre dagar i veka. Likevel er ho ei smilande og livsglad jente. Ho greier ikkje stå i ro når ho får besøk frå hovudstaden og frå Norge; men sitrar av spenning og forventning, pratar i eitt sett, smiler og ler.
Les meir
Posted by Kaare on 29 Oct 2012 in 2012
Tatiana Ghidirimshi leverte i dag (29.10.12) inn si doktorgradsavhandling til tredje og siste kommisjon for godkjenning. Ho reknar med å kunnna disputera tidleg på nyåret 2013. Tema for avhandlinga er rehabilitering av synshemma. Tatiana si avhandling er eit pionerarbeid ikkje berre i Moldova, men truleg i heile Aust-Europa. Vi i Hjelp Moldova er glade på Tatiana sine vegne, og føler at vi har vore ein god medhjelpar og støttespelar i arbeidet.
Les meir
Posted by Kaare on 28 Oct 2012 in 2012
Nytt besøk 26. oktober – 10. november 2012
. Denne gongen får vi med oss trailar. Nils Fredrik Nilsen er som vanleg sjåfør. Han kjem truleg fram torsdag 1. november. Mesteparten av lasset består av synshjelpemiddel slik som til dømes leseTV og spesialoptikk. Her er og med utstyr for operasjon av grå stær. I tillegg har vi med ein del møblar og nye sjukehusuniformer. Hans Bjørn Bakketeig og Kåre Ness kom til Chisinau før helga. Dei nyt godt av sein, moldovsk sommar med dagtemperaturar opp mot 20 grader.
Bildet: Synshemma Anastasia frå Cjaeder-Lunga i Sør-Moldova har fått hjelp på Synsenteret tidelegare. No skal vi på oppfølgjingsbesøk heime hjå henne.
Les meir
Posted by ingunn on 18 Oct 2012 in 2012
Tidlegare i haust var elevane Oda Wågsæther Egenæs og Aleksandra Hjelle frå Os Gymnas med til Moldova. Tysdag 16. oktober heldt dei foredrag for alle medelevane sine på gymnaset, og dei hadde laga ei fin PowerPoint-framsyning med bilete frå Hjelp Moldova sitt arbeid. Med fokus på synshjelp-prosjektet oppfordra dei medelevane sine til å gjere ein innsats på solidaritetsdagen skulen arrangerer den 25. oktober.
Følg
denne linken til www.midtsiden.no og ein flott artikkel om dette arbeidet.
Les meir
Posted by Kaare on 7 Oct 2012 in 2012
Torsdag 11. oktober kl 18.00 inviterer Norges Blindeforbund, avdeling Hordaland, til informasjonsmøte om syn i Grand Selskapslokaler i Bergen. Hans Bjørn Bakketeig, leder for Hjelp Moldova, deltar på møtet. Foredraget hans har tittelen
Hjelp til selvhjelp for synshemmede i Moldova.
Programmet finn du vedlagt.
Les meir
Posted by Kaare on 28 Sep 2012 in 2012
Rundt 70 personer fant veien til Peppes og Osørens Blues og Jazzfestival (OBJF) sin veldedighetskonsert til inntekt for «Hjelp Moldova» den 17. september. Ikke verst på en mandag i øs, pøs regnvær! Det var mange kommentarer i døren som flott tiltak, dette er vi med og støtter, kanonbra og gleder oss til en ny opplevelse. Mer om konserten finner du på
OBJF sine hjemmesider.
Foto: Ingunn E. Bakketeig
Tusen takk for dette flotte tiltaket, med hilsen fra Hjelp Moldova!
Les meir
Posted by Kaare on 22 Sep 2012 in 2012
Trafficking, eller menneskehandel, er eit omfattande og alvorleg problem over heile verda. Moldova er eit av dei landa som er hardast råka av det vi kan kalla vår tids slaveri. Mange moldovske kvinner og menn er rettslause offer for kjøp og sal, og vert kynisk utnytta som billeg arbeidskraft, eller i prostitusjon. Bakgrunnen for dette er først og fremst fattigdom. Ecaterina Berejan leiar regjeringa sin komite med spesialoppgåve å bekjempa menneskehandel i Moldova. Tove Brandvik og Hjelp Moldova møtte henne og medarbeidarane hennar i det moldovske regjeringsbygget.
Les meir
Posted by Kaare on 21 Sep 2012 in 2012
Nicola Harrington-Buhay tok til som FN sin plassjef i Moldova (UN Resident Coordinator/UNDP Resident Representative) for berre vel ein månad sia. UNDP er forkorting for United Nations Developement Programme; FNs utviklingsprogram. Prioriterte oppgåver for FN i Moldova er å hjelpa landet til å utvikla eit demokratisk styresett og lovverk som inkluderer menneskerettar og miljøvern. I dette ligg også program for inkludering av menneske med nedsett funksjonsevne slik som til dømes synshemma.Vi inviterte oss sjøl til møte med den ferske FN-utsendingen, og fekk kjapt positivt svar.
Bildet: Nicola Harrington-Buhay på plass i ny jobb i Chisinau (Foto: Frå FN si Moldova-webside).
Les meir