Posted by Kaare on 20 Sep 2012 in 2012
Dag 2 starta grytidleg med besøk på Municipal Universitetssjukehus der professor Valeri Cusnir tok mot. Cusnir er Moldovas fremste augelege.
Hjelp Moldova har samarbeidd med professoren og hans stab i snart ti år, og tilført sjukehuset vesentlege verdiar i form av utstyr og kompetansebygging. Tove Brandvik fekk ei grundig innføring i kva betydning den norske hjelpa har for at augeavdelinga ved sjukehuset i det heile tatt er operativ.
Bildet: Professor Cusnir gav velduftande, moldovske blomar til Tove.
Les meir
Posted by Kaare on 19 Sep 2012 in 2012
Stortingsrepresentant Tove Brandvik (AP) slo følgje med Hjelp Moldova til Chisinau i midten av september. Den tidlegare Lindås-ordføraren har over lang tid vist interesse for hjelpearbeidet vårt. No fekk ho ved sjølsyn erfara korleis kvardagen for vanlege folk og folk med nedsett funksjonsevne i Europas fattigaste land kan arta seg.
- Eg ser at Moldova på alle plan har umetteleg trong for hjelp og bistand til å byggja landet;. Eg er imponert over det Hjelp Moldova står for i så måte. Innsatsen dykkar dreier seg ikkje om milde gåver, men om å byggja struktur, kompetanse, kapasitet og varige verdiar, seier Tove.
Bildet: På Synssenteret: Tove Brandvik observerer Tatiana Ghidirimshi som undersøkjer ein pasient.
Les meir
Posted by Kaare on 18 Sep 2012 in 2012
Elevar frå Os vidaregåande skule (Os vgs) og Os gymnas (Os gy) engasjerer seg for fullt i solidaritetsarbeid for Moldova. I september 2012 reiste elevar og lærarar frå begge skulane til Moldova for læra meir om tilhøva i landet og sjå kva pengane dei jobbar inn, vert nytta til.
I hovudstaden Chisinau møtte dei stortingsrepresentant Tove Brandvik frå Lindås som også var på tur for å setja seg inn i moldovske tilhøve, og læra meir om arbeidet Hjelp Moldova utfører i Europas fattigaste land. (Meir frå Tove sitt besøk kjem i seinare innslag).
Bildet: Tove Brandvik saman med elevane Therese Hjelle, Aleksandra Hjelle, Ola Haraldseid og Oda Waagseter Egenes.
Les meir
Posted by ingunn on 1 Sep 2012 in 2012, Nytt
Hans Bjørn Bakketeig fekk seg ei stor overrasking under Osøren Blues og Jazzfestival (OBJF) sitt bluesarrangement på Peppes, Os, den 31. august. Dei hadde nemleg bestemt seg for å støtta organisasjonen «Hjelp Moldova», og i pausen fekk han overrekt ein sjekk på 10 000 kroner til arbeidet med synshemma born i Moldova. Overraskinga var stor!
Les meir
Posted by Kaare on 26 Jul 2012 in 2012
Til minne om Marta Vevle
Så er ikkje Marta med oss lenger. Ei av eldsjelene i hjelpearbeidet for Moldova er borte. Ho døydde 1. juli, 79 år gamal. Marta var ei hederskvinne! Det engasjementet ho viste og den innsatsen ho gjorde for Moldova, var heilt ufatteleg stort. Ho skaffa medlemmer og ho skaffa varer i store mengder. Det er ikkje få verdifulle kontakter som har blitt knytta på S-laget på Valestrand, der ho hadde sin arbeidsplass!
Les meir
Posted by Kaare on 3 Jul 2012 in 2012
Os Rotaryklubb har tildelt Paul Harris Fellow-prisen 2012 til Hans Bjørn Bakketeig. Prisen vart utdelt på Solstrand Hotell og Bad mandag 2. juli på eit ekstraordinært møte i Os Rotary.
Les meir
Posted by Kaare on 24 Jun 2012 in 2012
Leiar for Hjelp Moldova, Hans Bjørn Bakketeig, er utpeika til
International Optometrist of the Year 2012. Bakgrunnen for at "World Council of Optometry" har gitt Hans Bjørn denne heiderstittelen, er hans langvarige arbeid for synshemma i Moldova. Hans Bjørn tok imot utmerkinga sundag 24. juni på opninga av årets verdskongress for optikarar i Chicago, USA.
- Dette er ei stor ære for meg som eg gjerne vil dela med dei eg arbeider saman med, både i Norge og Moldova. Det er eit prov på at vi arbeider seriøst på eit område som har stor betydning for mange. Eg vonar at utnemninga kan føra til at vi får eit gjennombrot når det gjeld å sikra det vi har bygt opp i Moldova dei siste 12 åra, seier årets verdsoptikar, Hans Bjørn Bakketeig, før han og kona stig om bord i flyet til Chicago.
Les meir
Posted by Kaare on 20 Jun 2012 in 2012
Os vidaregåande skule ønskjer elevutveksling med Ion Crianga Universitetet i den moldovske hovudstaden Chisinau. Bakgrunnen for dette er engasjementet skulen har hatt gjennom å dedikera solidaritetsaksjonen ved skulen til arbeidet
Hjelp Moldova utfører i Moldova.
Bildet: Galina Gradinari er leiar for engelskseksjonen ved universitetet.
Les meir
Posted by Kaare on 28 May 2012 in 2012
Inntektene frå årets solidaritetsaksjon ved Os Vidaregåande skule har passert 100.000 kroner. Pengane vert i desse dagar overført til
Hjelp Moldova, og skal i hovudsak nyttast til det landsdekkande synsprosjektet organisasjonen driv i Moldova.
-Det går nesten ikkje an å finna ord for kor takksame vi er for den innsatsen elevar og tilsette ved Os vgs gjer, seier Hans Bjørn Bakketeig som leiar
Hjelp Moldova. - Dette sikrar arbeidet vårt og hjelp til mange synshemma born og vaksne i Moldova, og det gjev i tillegg oss i organisasjonen ei moralsk støtte som betyr enormt mykje.
Bildet: Kristine Krokli, som er nyvald styremedlem i Hjelp Moldova og elev ved Os vgs, fortel at det no er kontakt med Os Gymnas, og at også denne skulen truleg vil dedikera sitt solidaritetsarbeid til Moldova.
Les meir
Posted by Kaare on 27 Mar 2012 in 2012
Laurdag 23 . mars 2012 hadde Avisa Nordhordland heilsides oppslag med tittel "Norsk hjelp gir håp i Moldova". Artikkelen har tekst og bilde frå marsturen 2012.
Les artikkelen ved å følgja lenka:
2012 03 Nh Moldova artikkel
Andre presseoppslag finn du under fanen
Presseklipp.
Les meir