Logo

Har jobba i tre veker for Moldova

Elevane i klassa for kvardagsliv har jobba i fleire veker med å førebu Os VGS sin Moldova-aksjon. Måndag sto dei på stand for å selgje kaker og kort.

Les meir kva avisa Midtsiden skriv om den flotte innsatsen til elevane:

Os vgs: Klassa for kvardagsliv

(Tekst og foto frå Midtsiden)

 

 


Les meir

Ta godt mot Os vgs

Elevane på Os vidaregåande skule skal for sjette år på rad samla inn pengar til Hjelp Moldova.

Les meir i Os&Fusaposten ved å følgja lenka:
(Foto: Os&Fusaposten)

Os vgs aksjonerer for Hjelp Moldova

Les også lærar Harald Natvik sin tekst lagt ut på hans Facebook-sider:


Les meir

GJE EI JULEGÅVE MED MEINING

Hjelp Moldova vil også i år selgja gåvekort til jul. Pengane som kjem inn, vert uavkorta fordelt på sju vanskeleg stilte familiar i Moldova. Vi gjer ein utfordrande kvardag litt lettare for dei det gjeld. Ein del pengar går til å handla mat for, til dekking av medisinutgifter, kjøp av varme vinterklede, støtte til fyringsutgifter, og stundom støtte til utdanning.

.

Bildet: Pavel Stefirta (til høgre) er ein av dei som får hjelp av julegåvepengane. Den multihandicappa 28-åringen er heilt avhengig av broren.

Under finn du informasjon om korleis du skaffar deg gåvekort, og og om familiane som du hjelper.


Les meir

Livet normaliserer seg i Chisinau.  To store hendingar har dominert livet vårt siste dagane: Presidentvalet og Nils Fredrik sin ankomst. Dodon, den russiskvennlige kandidaten, vann første valomgang. Ikkje uventa. Etter fem døgn og 3000 km gjennom sju land erobra Nils Fredrik den moldovske hovudstaden til avtalt tid.

Etter å ha kjempa kvast ein heil dag vann Nils Fredrik kampen med tollbyråkratiet. Som venta. Vår lastebilsjåfør gir seg aldri. Om Dodon har same steierevne, vinn han valet om to veker. Og på Senteret går livet som normalt med utredningar og pasientar. Nesten som normalt. Tatiana Ghidirimshi, sjefen på senteret er på internasjonalt seminar der ho både er forelesar og deltakar. Men ho er så aktiv og i vinden at eigentleg er det heilt normalt, det og!


Les meir

Nils Fredrik Nilsen kom til avtalt tid, måndag kveld. Kvelden dagen etter var bilen lossa. Ein effektiv sjauegjeng tømte bilen og stabla varene i løpet av nokre timar. Men arbeidet kom seint i gang. Det sytte stivbeinte tollbyråkratar for. Dei hevda lasta var fleire tusen kilo tyngre enn det som sto på lastelista. Vi følte at dei mistenkte oss for juks og smugling.

Bildet:
Bekmørk før lastebilen var tom. Nils Fredrik klar for avreise frå losseplassen saman med reisefølget gjennom heile Europa, Frode Brurås.


Les meir

Russiskvennlege Igor Dondon fekk 48,5 % av stemmene i første valomgang. Europavennlege Maia Sandu 38,2 %. Dermed går valet vidare til ein runde nummer 2. Dette er første direkte presidentval i Moldova på 20 år, og ein kamp mellom dei som ønskjer tettare band til Russland og dei som ønskjer integrasjon med Europa.

Hjelp Moldova assisterte ved tre val-lokale; Balti i nord, hovudstaden Chisinau og Basarabeasca i sør. Her kunne svaksynte røysta ved teknisk hjelp av våre representantar og leseTV maskiner.


Les meir

Lastebil undervegs til Moldova

For første gong på tre år sender vi lastebil til Moldova. Som vanleg står Nils Fredrik Nilsen for transporten. Bilen hans er propp full med varer. Det viktigaste er forsyningar til Synssenteret slik som leseTV og anna utstyr for behandling av synshemma.

Bildet: Nils Fredrik har kjørt meir enn 60 laster frå Norge til Moldova.


Les meir

Vi fikk en minneverdig og sterk opplevelse da tolv deltakere fra Os vgs, Fusa vgs og Os gymnas reiste til Moldova 4. – 8. oktober for å se arbeidet Hans Bjørn Bakketeig og Hjelp Moldova driver – på nært hold.


Les meir

Gratulasjonar frå høg og låg

Sjefen sjøl, Hans Bjørn, fylde 60 for ein månad sia medan han var på visitt i heimlandet. I Moldova sto dei i kø for å gratulera då han kom tilbake. Statsministeren sjøl, Pavel Filip, sende helsing på vegne av regjeringa og tildelte jubilanten Diplom av 1. grad for ekstraordinær innsats i Moldova.


Les meir

What does Daniel see?
Kva ser Daniel?

Daniel (10) har fått briller, lupe og leseTV. No kan han bu med familien sin og gå på heimeskulen. Men kva veit klassekameratane til Daniel om det å vera å vera synshemma? Det fekk dei innsyn i då Tatiana og Hans Bjørn besøkte skulen deira i landsbyen Peresecina.

Daniel (10) has got glasses, lupes and CCTV for reading. These devices enable him to live at home with his family, and to be like an ordinary pupil in the village school. But what do his class mates know about being visually impaired? That is what they learned the other day when Tatiana and Hans Bjørn visited Daniel’s school in his village.

Bildet: Med simuleringsbriller forstår klassekameratane kva Daniel ser.
Picture: By means of special glasses, Daniel´s classmates get an idea of what he sees.


Les meir

Side 4 av 32« Første...23456...102030...Siste »