Logo
-Vi er optimistar og trur på vi greier få det til, seier barnehagestyrar Liubovi Pascari og hennar nestkommanderande Stella Rusnac i kor. Siste ti åra har dei ved god støtte frå Norge renovert barnehage nr 74 steg for steg. Inspirert av norgesbesøk i fjor, ønskjer dei no å utvida med ei ny avdeling for rørslehemma born. Bildet: Liubovi Pascari og Stella Rusnac viser kvar kvar ytterveggen i den nye avdelinga skal gå.
Les meir

Trailerlast nr 57 undervegs

Fredag 4. mars vart trailer nr 57 for Hjelp Moldova lessa opp på Melkeplassen, i Åsane og på Kokstad. Nils Fredrik Nilsen sit som vanleg bak rattet, og meiner han no er ute på Moldova-tur for 35. gong. Bilen han kjører har Chisinau som destinasjon for 16. gong. Etter planen er han framme med den allsidige og verdifulle lasta onsdag 9. mars. Bildet: Sjåfør Nils Fredrik er Moldova-veteran. Kristian Ness-Johnsen var med og lasta sin første trailar.
Les meir
I  dokumentarfilmen "Europas bakgård" lærer vi ein del av Moldova å kjenna gjennom fire kvinneskjebner: Med humor og sjølironi strevar dei på kvar sin måte for å overleva i eit land som slit med å koma ut av skuggen av det gamle Sovjet. I møtet med med desse kvinnene blir vi kjente med kvardagen i Europas fattigaste land. Filmen vart vist under årsmøtet i "Hjelp Moldova" i februar, og er no til sals frå filmskaparen Ida Kleppe; sjå adresse for bestilling under. Den prisbelønna filmen vert vist på NRK i løpet av året. Bildet: Ida Kleppe som laga filmen frå Moldova. (Foto: Kåre Ness)
Les meir

Årsmøtet 2011: Gjenvalg av styret

Hans Bjørn Bakketeig held fram som leiar av Hjelp Moldova. Alle styremedlemmer som sto på val, hadde sagt seg villige å stilla opp for ein ny periode, og alle vart attvalde. -Eg er glad for at alle ønskjer å jobba vidare, og eg er takksam for å få ny tillit, seier Hans Bjørn Bakketeig som gleder seg til nye utfordringar i Moldova. Bildet: Styret i Hjelp Moldova, frå venstre, bak: Astrid Daae Kristiansen, Nils Fredrik Nilsen, Jarle Ådlandsvik, Skjoldvor Haukås og Kåre Ness. Framme står Åse Hundvin og Hans Bjørn Bakketeig. (Foto: Heine Oen)
Les meir

Tett program for mars-turen 2011

I mars 2011 reiser Hans Bjørn Bakketeig, optikar og leiar for Hjelp Moldova, til Moldova saman med augekirurg Jan Askvik og Kåre Ness. Jan Askvik skal undervisa sine moldovske kollegaer i moderne augekirurgi, samt operera nye pasientar. Hans Bjørn Bakketeig skal følgja opp organisasjonen sine aktivitetar i Moldova med hovudfokus på Synssenteret i hovudstaden Chisinau. Vi reknar også med å få eit møte med enten ministeren for sosiale saker, eller med helseministeren. Dato for dette er enno ikkje avklara. Ein trailar fullasta med optisk, medisinsk og anna utstyr kjem til Chisinau 9. mars. Sjåfør er som vanleg Nils Fredrik Nilsen. Under finn du ein førebels dagsplan for besøket.
Les meir
Frå Grieg Foundation har vi i dag, 14. januar 2011, fått brev med denne fantastiske teksten: "Takk for søknadsbrev av 1/11-10 med informasjon om det gode arbeid som gjøres for synshemmede i Moldova.  Søknaden har nå vært behandlet i Grieg Foundations styre, og vi har gleden av å meddele at vår stiftelse vil bidra med: NOK 400.000,- Vi ønsker lykke til videre." Vennlig hilsen GRIEG FOUNDATION, Per Grieg sr
Les meir
Dokumentarfilmen”Europas bakgård”, laga av Ida Kleppe i Corax film i nært samarbeid med Hjelp Moldova, har vunne pris for beste internasjonale dokumentarfilm på WT Os Intenasjonale Filmfestival på Os.  Utdrag frå filmen vert vist på årsmøtet til Hjelp Moldova 27. februar 2011. Bildet: Olia er ei av dei fire kvinnene vi møter i filmen. Ho greier seg sjøl på garden sin og har mista trua på mannfolk etter å ha overlevt fleire ektemenn.
Les meir
Julegåveprosjektet 2010  fekk inn over 17.000 kroner! Søskenparet Ana (12) og Andrej (9) har i god tid før jul fått seg nye sko for julegåvepengar frå Norge. Dei foreldrelause søskena er mellom dei som får nyta godt av midlane frå Hjelp Moldova sitt Julegåveprosjekt.   Bildet: Ana og Andrej fekk møte julenissen framfor det store juletreet på torget i Chisinau.
Les meir
Årsmøte 2011 Neste årsmøte i Hjelp Moldova vert halde sundag 27. februar 2011 kl 18.00 i lokala til Hjelpemiddelsentralen (NAV)  på Kokstad.
Les meir

Hans Bjørn valobservatør i Moldova

Hans Bjørn Bakketeig, leiar for Hjelp Moldova, var til stades under parlamentvalet 28. november 2010 for å observera forholda for blinde som ønskte å stemma. – Eg er imponert over måten dei gjorde dette på. Det var enkelt og tillitsvekkjande, seier Hans Bjørn som også fortel om stor medieinteresse for opplegget. 
Les meir