Logo

Klikk på lenka for å få fram nytt nummer av medlemsavisa  2013 11 02 Moldova nytt Nr 2 2013
Les meir

Heimebesøk i utbrytarland

Mihaela mista nesten synet etter at ho fekk hjernesvulst. Myndigheitene ville senda ti-åringen på blindeskule; ein katastrofe for familien og jenta. Heldigvis fekk ein oppegåande lege sendt Mihaela til dr Tatiana på Synssenteret. No er svulsten fjerna, Mihaela har fått spesialbriller og er ein av dei flinkaste i klassen. Vi besøkte henne både på skulen og heime. Bildet: Knuseklem når Mihaela møter Tatiana.
Les meir

Mykje skryt for 20 år

Det var ikkje måte på kor mykje skryt og gode ord Hjelp Moldova fekk for innsatsen i Europas fattigaste land gjennom 20 år. Jubileumsfesten arta seg som ein endelaus takkefest. Tusenvis av moldovarar har fått eit nytt liv takk vera innsatsen til den vesle hjelpeorganisasjonen som vart heidra med Diplom av første grad signert statsministeren. Bildet: Studentar frå Ion Crianga-universitetet skapte stemning.
Les meir
Lite ante dei kva dei gjekk til, og forventningane var mange og ulike. 28 medlemmer i Statoil Veteranklubb Mongstad kasta seg ut i det, og valde Moldova som reisemål for årets tur. Ei kort septemberveke i landet nordmenn knapt har høyrt om, overvelda samtlege i reisefølget. Det gjestfrie folket i aust vann hjarta til ferdafolket frå nord. Bildet: John Fjellanger fekk god kontakt med damene i folkloregruppa ved Moldexpo.
Les meir

Moldovsk maraton

Første kurs i ei kursrekke som skal gå over tre år, er avslutta. 25 moldovske augespesialistar sat på skulebenken. Tema var rehabilitering og integrering av synshemma.   Bildet: Tatiana går gjennom definisjonar av kva det vil seia å vera svaksynt.
Les meir

Ja til samarbeid!

Moldovske styresmakter og frivillige organisasjonar ønskjer samarbeid med Norge med tanke på etablering av verksemder for yrkeshemma. Det kom klart fram under konferansen i Chisinau 17. og 18. september med tema Arbeid for menneske med nedsett funksjonsevne. Dei første medlemmene i ei prosjektgruppe er alt på plass. Bildet: Moldova ønskjer samarbeid; her representert ved Vasilie Cusca i sosialdepartementet og Ludmila Andreicius frå organisasjonen "Hope and Health".
Les meir

Stille før stormen…

Tittelen er ikkje meint som vermelding, men som ei skildring av kva vi føler før det brakar laus med seminar og kurs denne veka. Alle er spente på korleis det går, og alle vonar at det skal gå godt. Tirsdag 17. startar to-dagars konferansen med tema Arbeid for folk med nedsett funksjonsevne. Her deltek nær 40 personar frå Moldova og Norge. Torsdag er det fullt kjør med kompetansegjevane kurs for 25 moldovske augelegar der tema er Rehabilitering og integrering av synshemma. Bildet: Salssjef Natalia Chitoroaga i Bio Marketing Group i samtale med Tatiana Ghidirimshi og Hans Bjørn Bakketeig. Bio Marketing Group i Moldova leverer utstyret vi kjøper inn for diagnostisering av synshemma. Basisutstyr for slik diagnose skal delast ut til alle sjukehus og poliklinikkar som behandlar synshemma.
Les meir

Heftig september i Moldova

September 2013 vert truleg den travlegaste månad nokon gong for oss i Moldova. Vi skal stå for kurs og seminar, vera vertskap for 28 norske turistar, ta mot elevar frå vidaregåande skular på Os og i Bergen, og ikkje minst, vi skal feira 20 års jubilum for arbeidet vårt i Moldova med eit stort tal inviterte gjestar frå Moldova og Norge. Totalt vil ca 45 nordmenn koma hit i denne perioden. Vi vonar at når dei reiser heimatt, så har dei med seg gode minne og lyst til å koma tilbake.
Les meir

Full støtte frå UD

Onsdag 14. august møtte Hjelp Moldova seniorrådgjevar Håvard Austad i Utanriksdepartementet (UD) for å orientera om arbeidet for synshemma. UD løyvde tidlegare i år tre millionar kroner til eit tre-årig prosjekt som sikrar vidareføring og videreutvikling av Hjelp Moldova sitt ”Prosjekt Synshelp”. Bildet: Hans Bjørn Bakketeig og Ingvald Bastesen utanfor UD.
Les meir

Leverandørmøte nr 1

Hjelp Moldova har fått tilsagn frå Utanriksdepartementet om nær tre millionar kroner for dei neste tre åra. Midlane skal nyttast til kompetanseheving for augelegar og anna personell som har med svaksynte å gjera i Moldova, samt naudsynt utstyr for å kunna utreda svaksynte. Utstyret ønskjer vi å kjøpa i Moldova. På den måten kan vi bidra til ei positiv utvikling av lokalt næringsliv.
Les meir