Logo

Statsministeren ber om fortgang

Den moldovske statsministeren ber om fortgang i arbeidet med skaffa tenlege lokale for Kompetansesenteret for synshemma som Hjelp Moldova etablerte i Chisinau for fire år sia. Dette var bakgrunnen for møtet med representantar frå Sosial-, familie- og arbeidsdepartementet, samt Helsedepartementet i Moldova i midten av desember.
Les meir

Julebesøk i Nr 74 og Nr 135

Samarbeidet med barnehagane Nr 74 og Nr 135 i Chisinau gjev gode resultat. Nr 74, barnehage for funksjonshemma, hjelper vi med nytt tilbygg for rørsletrening. Nr 135 er spesialbarnehage for svaksynte. I dag var 10 sterkt synshemma born i alderen 3 - 5 år til utredning. Bildet: Nissebesøk og fest i barnehage nr 135 i dag.
Les meir
FN-kontoret i Chisinau (UNDP)  har invitert Hjelp Moldova til å søkja prosjektmidlar i samband med eit utviklingsprogram for ein barnehage for synshemma i Tiraspol i Transnistria. Transnistria er formelt ein del av Moldova, men har erklært seg sjøl for sjølstendig republikk. No ønskjer FN å bruka vår kompetanse med tanke på å gje kvalifisert synshjelp til borna.
Les meir

Vibrasjonar for julegåver

Familien Gherta bur i eit slags herberg i Besarabeska 10 mil sør  for hovudstaden Chisinau. Mor (31)  og Damian (6), er sterkt synshemma. Pappa (29) er blind. Berre eitt år gamle Eleno ser normalt. Familien lever på trygd som er mindre enn utgifter til varme og husleige. Det er eit reknestykke som går i tap. I dag var gleda til å ta og føla på vi sletta gjelda deira og forsynte familien med pengar og mat som sikra litt ekstra til jul.
Les meir

Jul på forskot – glede og tårer

I desse dagar møter vi samtlege familiar som får nyta godt av pengane frå årets julegåveprosjekt. Realiteten er at hjelpa for mange er eit vere eller ikkje vere, og faktisk er det som bergar familiar eller enkeltmenneske gjennom ei vanskeleg tid. Bildet: 10 år gamle Mihaela og familien hennar får mat, nye klede og leiker i julegåve. 
Les meir

Sjekkar, systematiserer og sanerer

Heine Oen er til dagleg service ko-ordinator ved NAV Hjelpemiddelsentralen på Kokstad. Denne veka er Heine i Chisinau og nett no nyt Hjelp Moldova godt av av teknikar-kompetansen hans. Heine går gjennom alt utstyr vi har ståande på lager, ser til at det er i  orden, og klarerer det for utlevering. Bildet: Heine Oen sjekkar leseTV som står på lager og ser til at dei er OK for utlevering.
Les meir

Meir historisk i Moldova

Alt ligg no til rette for oppstart av optometriutdanning  i Moldova. Landet har, som alle dei andre statane som var innlemma i Sovjet-unionen, mangla slik opplæring. Den 10. mars neste år er oppstartdato for første kurs der 12 moldovske augelegar deltek. Bildet: Professorane Cusnir og Bendelic er dei fremste augelegane i Moldova. For dei er ein draum i ferd med å gå i oppfylling.
Les meir

Historisk dag for Moldova

Moldova har i dag, 29. november 2013, underteikna førebels versjonar av ein omfattande frihandelsavtale og ein politisk assosieringsavtale med EU. Intensjonen er at endelege versjonar av avtalane skal signerast om eit års tid. Dette er resultatet for Moldova sin del etter at "The Vilnius Summit" er avslutta, tingingane som har gått føre seg i Vilnius over lang tid mellom EU og Armenia, Aserbajdsjan, Georgia, Kviterussland, Moldova og Ukraina. Georgia har signert tilsvarande avtale som Moldova.
Les meir

Kjøp julegåve med meining

Også denne jula kan du kjøpa Julegåvekort frå Hjelp Moldova. Pengane frå salet går uavkorta til fem vanskelegstilde familiar. Du kan lesa meir om familiane ved å klikka på lenka: 2013 11 24 Julegåveprosjekt Om familiane Her er lenke til sjølve gåvekortet: 2013 11 24 Julegåvekort 2013 Kortet kan du enten printa ut sjøl, eller få fritt tilsendt på pent papir. Trykk på "Les meir" knappen for å finna ut korleis du handlar:
Les meir

Optometri-revolusjon på gang

Hjelp Moldova gjennomførte denne veka ei rekkje spennande møte med ei rekkje spennande samarbeidspartnarar frå fleire land. På sikt kan møta resultera i eit gjennombrot for optometrifaget, ikkje berre i Moldova, men inkludera fleire av statane i "gamle" Aust-Europa. Synshemma i desse landa kan få sin livssituasjon dramatisk betra. Bildet: Bente Monica Aakre frå Høgskolen i Buskerud sitt første møte med moldovsk vin (av merke Purcari), overrekt av Tatiana Ghidirimshi og Valeriu Cusnir.
Les meir