Logo

Glede over ambulansane

O

Dei to ambulansane vekte glede ved overlevering til nye eigarar i Moldova. Bilane er no i teneste ved to sentrale institusjonar i den moldovske hovudstaden Chisinau: Det ortopediske sjukehuset og sjukehuset for smittsame sjukdommar.

Heidi Kleiven og Vidar Fløysand var sjåførar på den 3000 kilometer lange turen gjennom sju land. Turen vart unnagjort på ca tre dagar, noko som tilseier nær 1000 kilometer pr døger. Overleveringa gjekk også greitt, og berre to dagar etter at dei var framme hadde bilane moldovske kjenneteikn og var registrert på dei nye eigarane.

Overleveringa unnagjort.
Frå venstre: Marin Pinzari og Alexandru Ghidirimshi frå sjukehuset for smittsame sjukdommar, Valentin Ciobanica frå Det ortopediske sjukehuset, Heidi Kleiven, og Vidar Fløysand frå Hjelp Moldova, Sergio Vasilita og Serghei Stepa frå Det ortopediske sjukehuset

Begge sjukehusdirektørane var til stades ved overleveringa, og inviterte dei norske sjåførane på lunsj etterpå. Heidi takka for oppdraget og ønskte lukke til med dei nye vognene på vegne av Hjelp Moldova.

Nye dokument og nøklar til bilane

Takk til alle samarbeidspartnarar heime i Noreg:

Helse Stavanger
Bertel O Steen
Fjordline
Knarvik Senter
Lonevåg Senter

2021 12 06

Text: Kåre Ness
Foto: Hjelp Moldova