Logo

Tove Brandvik i Moldova. Dag 2

Dag 2 starta grytidleg med besøk på Municipal Universitetssjukehus der professor Valeri Cusnir tok mot. Cusnir er Moldovas fremste augelege. Hjelp Moldova har samarbeidd med professoren og hans stab i snart ti år, og tilført  sjukehuset vesentlege verdiar i form av utstyr og kompetansebygging. Tove Brandvik fekk ei grundig innføring i kva betydning den norske hjelpa har for at augeavdelinga ved sjukehuset i det heile tatt er operativ. Bildet: Professor Cusnir gav velduftande, moldovske blomar til Tove. - Utan hjelp frå Norge hadde vi stått på bar bakke. Alt teknisk utstyr er norsk, vi har fått avansert kirurgisk utstyr, møblane er norske, og biblioteket kjem frå Haukeland sjukehus i Bergen. Alt dette og meire til har vi fått tilført gjennom Hjelp Moldova.   Tove Brandvik ser på optiske instrument sjukehuset har fått frå Norge. Cusnir seier han har rekna ut at verdien av tilført utstyr for eitt enkelt år kom opp i 1 million Euro (7,5 millionar kroner). Statlege midlar til sjukehuset rekk knapt til det enklaste vedlikehald. Investeringmidlar til nytt utstyr kan dei skyta ein blå pil etter. Han fortel om betydningen av den faglege oppdateringa Hjelp Moldava har ytt gjennom kurs og seminar Hans Bjørn Bakketeig Jan Askvik har stått ansvarlege for: Hans Bjørn er optikar og spesalist på rehabilitering av synshemma. Dette er nærmast ukjende fagområde i Moldova. Jan Askvik er spesialist på augekirurgi, og har kvart år sidan 2004 undervist sine moldovske kollegaer praktisk og teorietisk. Det var Jan Askvik som same året introduserte moderne augekirurgi i Moldova som siste land i Europa. - Eg kan ikkje forklara med ord kor viktig dette er for sjukehuset og det vi har ansvar for, sier Cusnir. Han understrekar også kor viktig det er at hjelpa har gjort sjukehuset i stand til å nå legar, helsepersonell elles og pedagogisk personell ute i distriktet. Utan den omfattande desentraliserte verksemda til Hans Bjørn Bakketeig og Jan Askvik hadde ikkje dette vore mogeleg, poengterer professoren. Seinare på dagen kjem visedirektor Valerio T Chicu ved det medisinske universitetet ( Medical and pharmaseutical university der Municipal-sjukehuset er tilknytta) til Hotell Arous der normennene bur. Valerio Chicu  er ansvarleg for internasjonal kontakt ved universitetet. Han fortel om arbeidet med å samordna det moldovske universitetsystemet med det europeiske. Dette er viktig for at moldovske studentar kan studera i utlandet og få godkjent sine eksamenar i Moldova, og for at moldovske universitet kan ta mot utanlandske studentar som så neste omgang kan få godkjent studier ved moldovske utdanningsinstusjonar i sine heimland. Tove Brandvik i livleg samtale med Valerio Chicu frå det medisinske universitet. I arbeidet med å tilpassa det moldovske, medisinske utdanningssystemet kan Hjelp Moldova sitt kompetansesenter for synshemma komma til å spela ei viktig rolle. Synssenteret kan nemleg undervisa legestudentane innan optmetri og rehabilitrering av synshemma. Dette manglar i dagens utdanning. Ein slik avtale vil samstundes auka Synssenterets betydning og status vesentleg. Mellom dei to møta omtalt ovanfor vart det tid til mellom anna besøk på Ion Crianga universitetet der vår hovudkontakt i Moldova gjennom mange år, Galina Gradinari er assoisiert professor og leiar for engelskseksjonen. Galina hadde arrangert flott mottaking med brød, salt og vin servert av bunadskledde ungdommar. Tove ønskte å prata med studentane om korleis dei såg på muligheitene når dei var ferdige med studiet, kva håp dei hadde for framtida og om dei trudde dei kunne vera med og byggja landet frå å vera det fattigaste i Europa i dag til noko betre.

 Tove i samtale med lærarstudentar på Ion Crianga pedagogiske universitet. Det verka som om studentane ikkje var særleg vane med å diskutera slike spørsmål.  Ingen av dei var politisk aktive. Ingen sa at dei deltok i organiserte aktivtetar utanom studiet. Ingen hadde tru på dagens politikarar. -Vi er usynlege i det moldovske samfunnet, ingen har bruk for oss, sa ein. -Vi er vane med å gjera som vi får beskjed om. I Moldova er det slik at om nokon over deg seier gå, så går du, slå så slår du, og sitt så set du deg. Folk torer ikkje seia meininga si av frykt for represaliar, sa ein annan. Nokre sa at ungdommane måtte ha trua på seg sjøl, slutta å klaga over at alt var håplaust, og setja i gang på eiga hand: -Mange tur at alt som er på andre sida skin av gull. Det er ikkje sikkert at det er slik. Verst av alt er frykt og apati, vart det sagt. Alle ønskte seg eit rikare og materielt betre Moldova der dei som no er utanlands, ville komma heimatt til ein jobb og til familien sin. I dag er nær 1 million menneske av 4 millionar i utlandet for å søkja arbeid. Alle undra seg over at dei norske gjestane, som bur så langt borte, reiste den lange vegen for å hjelpa. Dag 2 gav også rom for møte med den nye FN-representanten (UNDP) i Moldova. Det kjem vi tilbake til i eiga sak. Kåre Ness