Hjelper born “utan framtid”
Posted by Kaare on 22 May 2013 in 2013
Alika (7) er ei smilande, tillitsfull jente med gode evner, og som syntes det var stas å få undersøkt augene. Alika har problem med å koordinera synet, og er sterkt rørslehemma. Ho er ei av seks multihandicappa born som fekk sjekka synet i dag (onsdag 22. mai) då vi besøkte rehabiliteringssenteret Voinicel i hovudstaden Chisinau.
Bildet: Dr Tatiana Ghidirimshi (til venstre) sjekkar Alika sine auge. Terapeut Marina frå Voinicel ser på
- Dei borna vi har møtt i dag er eigentleg "dei svakaste av dei svake" , dei er born utan framtid i dagens Moldova.
Hans Bjørn brukar sterke ord, men grunngjev dei slik:
- Det finst i dag ingen offisielle system eller tiltak i Moldova i dag som ivaretek interessene deira. Det viktigaste vi kan gjera i mange tilfelle er å gje råd til foreldra som vil og ønskjer dei handicappa borna sine det beste.
Voinicel er eit senter for tidleg intervensjon, med føremål å førebyggja at foreldre med funksjonshemma born sender borna sine på barneheim
(http://voinicel.md/en). Senteret er oppretta med hjelp av norske AHEAD (
http://ahead-moldova.no/) som jobbar med å fremja livskvalitet og rettar til funksjonshemma born. Hjelp Moldova har samarbeidd med Voinicel i fleire år. Mange av borna som får hjelp ved senteret, har problem med synet.
Hans Bjørn ber Alika fokusera på pennen han held fram medan han studerer venstre auga hennar gjennom ei linse.
Alle triks vert tekne i bruk for å få merksemda til Rosie Helene (4). Rosie ser berre eitt auga, men kan ha god nytte av rett type briller. Rosie var mest oppteken av alle leikene på rommet, og synest undersøkinga var heller plagsom.
Sofia (3) kjem i pen lyseblå retrokjole saman med mamma. Sofia har Downs syndrom, var fødd med katarakt (grå stær) og er operert for dette. Ho er ei blid og tillitsfull jente som gjerne vil sitja på fanget, leika og kosa. Ho sette stor pris på å få briller med filter som dempar det sterke sollyset. Hans Bjørn fortel at over 80 prosent av alle med Downs treng briller.
Darina (2) har også Downs syndrom. Ho syntest ingen ting om framandfolket som absolutt skulle sjå henne i augo, men ville gjerne halda retinoskopet Hans Bjørn nyttar for å undersøkja refleksane i auga. Ho er trygg på fanget til mormor. Mamma (til høgre) var ville svært gjerne få med seg mest mogleg kunnskap og råd om kva ho kan og bør gjera for å ivareta synet til barnet.
Timofei (2) var fødd for tidleg og slit med synet. Det er vanleg med for tidleg fødde, seier Hans Bjørn. Grunnen er at synet er noko av det siste som vert utvikla under svangerskapet. Timofei ville først ikkje opna augne tilstrekkeleg for at Hans Bjørn og Tatiana kunne undersøkja dei. Difor fekk han dropar som bedøvte augemusklane. Då gjekk undersøkinga bra. Timofei fekk til slutt velgja seg solbriller og syntest det var stor stas å setja dei på nasa. Og mamma pusta letta ut...
Tekst og foto: Kåre Ness