Leverandørmøte nr 1
Posted by Kaare on 27 May 2013 in 2013
Hjelp Moldova har fått tilsagn frå Utanriksdepartementet om nær tre millionar kroner for dei neste tre åra. Midlane skal nyttast til kompetanseheving for augelegar og anna personell som har med svaksynte å gjera i Moldova, samt naudsynt utstyr for å kunna utreda svaksynte.
Utstyret ønskjer vi å kjøpa i Moldova. På den måten kan vi bidra til ei positiv utvikling av lokalt næringsliv.
I dag (måndag 27. mai) hadde vi eit godt og nyttig møte med Global Biomarketing Group - Moldova som er den største leverandøren av medisinsk utstyr i republikken. Vi hentar også inn tilbod på same utstyret frå norsk leverandør.
Global Biomarketing Group - Moldova har tidlegare fått utstyrsspesifikasjonar frå Hjelp Moldova. Vi ønskjer å få inn prisar og kvalitetar på ei utstyrspakke som inneheld det mest naudsynte av utstyr for å kunne føreta forsvarlege utredningar av svaksynte.
Natalia Chitoroaga (til venstre) er salssjef i Global Biomarketing Group - Moldova. Ho viste stor forståing for våre behov, var svært godt førebudd, og hadde god fagkunnskap. Til høgre Hans Bjørn Bakketeig, leiar for Hjelp Moldova, og dr Tatiana Ghidirimshi, sjef for Synssenteret.
- Når vi ber om tilbod frå Global Biomarketing Group - Moldova er det for at dette er eit veletablert, stort og seriøst føretak som vi har gode erfaringar med så langt. Vi veit at vi får god oppfølgjing, god sørvis og hjelp til installasjon. Vi opplever at dei ønskjer å imøtekomma våre ønskje på ein god måte. Når det gjeld denne type utstyr er vår bestilling heilt sikkert den største nokon gong i Moldova, seier Hans Bjørn.
Her er ei oversikt på kva type utstyr vi treng:
- Retinoskop for objektiv undersøking av brytningar i auga.
- Oftalmoskop for å undersøkja tilstanden i auga og stilla diagnose.
- Spaltelampe som er eit mikroskop der du kan undersøkja detaljar i auga; til dømes hornhinna.
- Prøvekasse som inneheld glas med alle styrkar for å definera graden av nærsyn eller langsyn.
- Prøvebrille til å plassera glasa i.
- Synsstyrketestarar (prosjektor, tavle, plakat).
Kåre Ness, tekst og foto.