Årsmøtet 2011: Gjenvalg av styret
Posted by Kaare on 28 Feb 2011 in 2011
Hans Bjørn Bakketeig held fram som leiar av Hjelp Moldova. Alle styremedlemmer som sto på val, hadde sagt seg villige å stilla opp for ein ny periode, og alle vart attvalde.
-Eg er glad for at alle ønskjer å jobba vidare, og eg er takksam for å få ny tillit, seier Hans Bjørn Bakketeig som gleder seg til nye utfordringar i Moldova.
Bildet: Styret i Hjelp Moldova, frå venstre, bak: Astrid Daae Kristiansen, Nils Fredrik Nilsen, Jarle Ådlandsvik, Skjoldvor Haukås og Kåre Ness. Framme står Åse Hundvin og Hans Bjørn Bakketeig. (Foto: Heine Oen)
Styret er samansett slik:
Leiar: Hans Bjørn Bakketeig, 5200 Os
Nestleiar: Åse Hundvin, 5955 Lindås
Kasserar: Astrid Daae Kristiansen, 5981 Masfjordnes
Skrivar: Kåre Ness, 5955 Lindås
Styremedlem: Skjoldvor Haukås, 5141 Fyllingsdalen
Varamedlem: Jarle Ådlandsvik, 5314 Kjerrgarden
Varamedlem: Nils Fredrik Nilsen, 5179 Godvik
Kåre Ness