Moldova-dokumentaren “Europas bakgård” til sals
Posted by Kaare on 5 Mar 2011 in 2011
I dokumentarfilmen "Europas bakgård" lærer vi ein del av Moldova å kjenna gjennom fire kvinneskjebner: Med humor og sjølironi strevar dei på kvar sin måte for å overleva i eit land som slit med å koma ut av skuggen av det gamle Sovjet. I møtet med med desse kvinnene blir vi kjente med kvardagen i Europas fattigaste land.
Filmen vart vist under årsmøtet i "Hjelp Moldova" i februar, og er no til sals frå filmskaparen Ida Kleppe; sjå adresse for bestilling under. Den prisbelønna filmen vert vist på NRK i løpet av året.
Bildet: Ida Kleppe som laga filmen frå Moldova. (Foto: Kåre Ness)
"Europas bakgård" kan tingast frå Ida Kleppe via e-mail: ikleppe@yahoo.com
Prisen er 220 kroner for DVD'n. Av desse går 20 kroner direkte til Hjelp Moldova.
"Europas bakgård" er laga av Ida Kleppe og produsert av Magne Sleire i Corax Film. Filmen var innstilt som beste dokumentar under Den Norske Dokumentarfilmfestivalen 2010, og vart kåra til beste dokumentarfilm under WT Os Internasjonale Filmfestival 2010. "Europas bakgård" er kjøpt inn av NRK og vert vist på NRK 2 i løpet av 2011. Det er også von om at filmen vert seld til utlandet. Frankrike, Tyskland og Korea har vist interesse for dokumentaren frå Moldova.
Lenke til Corax Film:
http://www.corax.no/ferdige-produksjoner/article/europas-bakgaard/
Kåre Ness