Logo

Trailerlast nr 57 undervegs

Fredag 4. mars vart trailer nr 57 for Hjelp Moldova lessa opp på Melkeplassen, i Åsane og på Kokstad. Nils Fredrik Nilsen sit som vanleg bak rattet, og meiner han no er ute på Moldova-tur for 35. gong. Bilen han kjører har Chisinau som destinasjon for 16. gong. Etter planen er han framme med den allsidige og verdifulle lasta onsdag 9. mars. Bildet: Sjåfør Nils Fredrik er Moldova-veteran. Kristian Ness-Johnsen var med og lasta sin første trailar. Trailaren har med mykje verdfullt materiell, medisinsk og optimetrisk; mellom anna avansert utstyr som augespesialist Jan Askvik skal fordela på fleire sjukehus og undervisa i bruken av. Vidare er bilen lasta med to pallar ortopediske sko (til Voinicel), ca. 20 rullestolar, ein del nye spesialsenger, toalettstolar (gull verdt!), tre halvpallar med kjørl (frå eit hotell i Oslo), fleire pallar med sengetøy, arbeidstøy, kontormøblement, lese-TV,  flatskjermar, og  eit stort tal ferdigbriller; pluss diverse andre varer. Kåre Ness