Hans Bjørn Bakketeig og Jarle Ådlandsvik klargjer varer som ligg på lager i lokale ved Dale Fabrikker på Dale. Her har dei nett pakka ein kartong med nye ferdigbriller som vi har fått frå gode sponsorar. Vi får ofte spørsmål om vi tek mot brukte briller. Det gjer vi ikkje, for det er umogleg å finna nye brukarar som kan gjera seg nytte av gamle briller som er laga for andre.
Det er samarbeidet med Utanriksdepartementet som gjer det mogeleg å senda trailaren med optisk utstyr, utstyr for augeoperasjonar og andre synshjelpemiddel. Ein del av dette utstyret er brukt, men i svært god stand. Mykje av dette utstyret er skifta ut fordi det har komme nye modellar på marknaden. Noko utstyr er nytt, og noko nesten nytt. Hjelpemiddelsentralen i Hordaland har også denne gongen supplert oss med eit stort tal pent brukte lese-TV og diverse andre hjelpemiddel.
Døme på dokument som følgjer nesten nytt kostbart, avansert optisk utstyr for synsutredning. Gjevar er Sundet Optikk på Eidsvoll.
Jarle og Hans Bjørn sjekkar brukt utstyr i ein av dei mange kartongane. Denne type utstyr er gull verdt i Moldova. Mange poliklinikkar rundt omkring i landet har utstyr som ikkje virkar, eller gammalt utstyr som høyrer heime på museum. Vi har også opplevt institusjonar som står heilt på bar bakke utstyrmessig.
Trailar nummer to er delfinasiert av organisasjonar som som har gitt oss varer. Senger frå Haukeland sjukehus og ein sjukeheim på Osterøy vil fylla ein stor del av tralla på denne bilen. Slike senger er det stor etterspurnad etter på moldovske sjukehus. Faktisk har den moldovske statsministeren sjøl oppmoda oss om å skaffa sjukehussenger til ei avdeling for kreftpasientar på eit sjukehus i hovudstaden. Elles har vi eit fått eit parti nye sjukehusklede, ein del sengetøy, slyngeteppe og handdukar frå vår mangeårige samarbeidspartnar Sverre W Monsen. Alt dette er mangelvarer og skal fordelast på ei rekkje ulike sjukehus og institusjonar.
Mykje av utstyret må handterast varsomt og pakkast særskilt; til dømes i trekassar. Her frå lageret vi velvillig har fått nytta hjå Systemtrafikk på Osterøy. Systemtrafikk treng no lagerplassen sjøl, og vi vil frametter nytta lagerlokale på Dale som tilhøyrer Pallegrossisten AS ved Rolf Hagebø.
Tekst og foto: Kåre Ness