Logo

Chisinau: Barnehage 74 vil utvida med avdeling for rørslehemma

-Vi er optimistar og trur på vi greier få det til, seier barnehagestyrar Liubovi Pascari og hennar nestkommanderande Stella Rusnac i kor. Siste ti åra har dei ved god støtte frå Norge renovert barnehage nr 74 steg for steg. Inspirert av norgesbesøk i fjor, ønskjer dei no å utvida med ei ny avdeling for rørslehemma born. Bildet: Liubovi Pascari og Stella Rusnac viser kvar kvar ytterveggen i den nye avdelinga skal gå. Dei siste 8 – 10 åra har vore gode for barnehage nr 74 i den moldovske hovudstaden Chisinau. Steg for steg er bygningen ikkje langt frå sentrum i byen renovert og modernisert. I all hovudsak har dette skjedd med midlar frå den årlege basaren  i Spelhaugen Dagsenter i Fyllingsdalen i Bergen; kanalisert gjennom Hjelp Moldova. I 2010 var Liubovi og Stella på ei vekes besøk i Norge og gjestar hjå Skjoldvor Haukås, styremedlem i Hjelp Moldova og i mange år tilsett ved Spelhaugen. I løpet den tida vitja dei ulike institusjonar og vart inspirerte av det dei såg. No ønskjer dei å utvida nr 74 med eit tilbygg som skal husa ei ny avdeling for rørslehemma born (kinetisk avdeling). I dag har barnehagen fleire born i denne kategorien. Barnehagen har spesialistar innan kinetisk pedagogikk, men slit med begrensa resurssar for å trena desse borna. Utvidinga er kostnadsestimert til vel 20.000 Euro, eller nær 200.000 kroner. Pr dags dato utgjer midlane frå Spelhaugen om lag ¼ av dette. Hjelp Moldova kan ikkje lova nr 74 meir midlar slik stoda er i dag, men vil jobba for at økonomien kan styrkast. Liubovi og Stella ønskjer likevel å starta opp arbeidet i von om at finansieringa kan komma på plass litt etter litt. Dei vil også freista å finna andre samarbeidsparnarar i tillegg til Hjelp Moldova. Løyve til bygging er klar. I første omgang ønskjer dei å få utført grunnarbeid, og å setja opp tak og veggar. Hjelp Moldova vil hjelpa til med tilrettelegging og byggeoppfølging. Dette tek vår hovudkontakt i Moldova, Galina Gradinari, seg av. Ho har vore byggoppfølgjar og prosjektleiar for mesteparten av utbetringsarbeidet ved nr 74 dei siste åra. Nr 74 har også nytt godt av andre sponsorar frå andre land. Då vi vitja barnehagen i dag, onsdag 9. mars, fekk vi sjå eit nyoppussa inngangsparti og oppgang til andre høgda i lyse og fine fargar; utført med midlar frå ein tysk sponsor. Tekst og foto: Kåre Ness