Logo

Knallkald lossing i 23 minus

Det var ikkje mykje varme i sola den tidlege februardagen då dei to trailarane med varer frå Norge vart lossa utanfor Hjelp Moldova sitt Synssenter i Chisinau. Gradestokken viste minus 23, og spesielle tiltak måtte setjast i verk for å berga tærne til lossegjengen.
.
Bildet: Tøft møte med vinter-moldova for sjåfør Ole Morten i Systemtrafikk.
.
Åse Hundvin, nestleiar i Hjelp Moldova, var med på turen. Ho skildrar kuldesjokket slik:
.
-Det var uhyggeleg kaldt.  Men sola skein frå skyfri himmel og etter kvart som tærne vart følelseslause, dukka det opp ei snill dame frå sjukehuset. Ho leverte ut tynn bobleplast og bommull på rull som me pakka tærne inni før me stakk dei ned att i skoa. Andre fekk kartong å stå på som isolerte litt av kulden frå bakken.
2014 01/02 Moldova Lossing - Åse, Hans Bjørn, Tatiana. Foto: Fru Jetmundsen
Tre godt innpakka sjaurarar: Åse Hundvin, Hans Bjørn Bakketeig og Tatiana Ghidirimshi.
.
I alt 38 senger vart fordelte på to sjukehus. 15 senger gjekk til mor/barnsjukehuset som vi har hatt samrbeid med i mange år (også kalla Statoil-sjukehuset for di mange Statoil-medarbeidarar har engasjert seg til beste for dette sjukehuset over lang ). 25 senger vart fordelte til eit sjukehus for kreftramma. Det siste kom i stand etter oppfordring frå den moldovske statsministeren.
2014 01/02 Moldova Lossing sjukehussenger. Foto: Åse H
Lossing av sjukehussenger som det er ufatteleg stor trong for ved samtlege institusjonar i Moldova.
.
-På mor/barn sjukehuset fekk me seinare sjå kor elendige senger dei hadde på intensiv- og oppvakningsavdelingane, fortel Åse, og held fram: - Desse sengene vert no bytte ut med våre. Vi bestemte der og då at alle sengene skulle få nye madrasser. Vi kjøper dei lokalt for vel 220 pr stk.
.
Fleire pallar med nytt sengetøy, helseteppe og handklede frå mellom andre Sverre W Monsen vart også fordelt på sjukehusa. Dette er gull verdt på institusjonane!
.
2014 01/02 Moldova Lossing. Optisk utstyr til 2. etg. Foto: Åse H
Truck´n leverer lese-TV til lagerlokalet i andre høgda av ein garasje. Ikkje optimale tilhøve, men her må ein ta det som det er.
.
Den eine trailaren var hovudsakleg lasta med optiske apparat som lese-TV og ulikt utstyr til utredning av svaksynte. Utstyret går i første omgang til eit lagerlokale vi disponerer ved rehabiliteringssenteret der Hjelp Moldova sitt Synsentere er. Litt etter litt vil alle desse hjelpemidla gå ut til enkelt-brukarar og institusjonar over heile landet.
.
Tekst: Kåre Ness (UtanriksKÅREspondent, i skrivande stund med sete i Flensburg).
.
Foto: Åse Hundvin, heimvendt Utanriksfotograf, Chisinau.