Logo

100.000 kr frå norske optikarar til optikarstudium i Moldova

Norges Optikarforbund med samarbeidspartnarar gjev 100.000 kroner i samband med oppstart av første optikarutdanning nokonsinne i Moldova. Anne Jervell er styreleiar i Norges Optikarforbund - Hjelp Moldova med Hans Bjørn Bakketeig i spissen har gjort ein banebrytande innsats til beste for synshemma og utbreiing av optikarfaget i Moldova. Norske optikarar ønskjer å bidra aktivt til vidare kompetansebygging, seier Anne Jervell, styreleiar i Norges Optikarforbund. Midlane er løyvde med 50.000 kroner frå Norges Optikarforbund, og 50.000 kroner frå "Synsinformasjon" som er ei samanslutning av bedriftene som er medlemmer i Optikarforbundet. -Vi har lenge sett at Hjelp Moldova har bygt utruleg sterke relasjonar med sjukehus, universitet og styresmakter i Moldova. Organisasjonen har bygd kompetanse og fremma augehelse i tråd med det vi i Norges Optikarforbund jobbar for nasjonalt og internasjonalt. Dette har vi trua på, og dette vil vi vera med på, seier Anne Jervell. Anne Jervell og kollegaene hennar i Optikarforbundet har lenge vore imponerte over arbeidet i Moldova. For nokre år sidan fekk Hans Bjørn Bakketeig forbundets heiderspris. I 2012 utnemnde Verdens Optikarforund Hans Bjørn til "Optometrist of the World". Det skjedde etter innstilling frå det norske optikarforbundet, og med bakgrunn i Hans Bjørn sitt mangeårige arbeid i Moldova.

2013 11 19 Utanfor Stortinget WEB

November 2013: Samarbeidsmøte i Oslo som resultat av at Hans Bjørn fekk tittelen Optometrist of the World 2012. Frå venstre: Stephanie Looi frå Brian Holden Vision Institute, Australia, Anne Jervell, leiar i Norges Optikarforbund, Bente Monica Aakre, Høgskolen i Buskerud, avdeling for optometri, professor Eugen Bendelic frå det medisinske universitetet i Moldova, Luigi Bilotto, Brian Holden Vision Institute, Canada og professor Valeriu Cusnir frå Moldova. Hans Bjørn mottok heiderstittelen på Verdens Optikarforbund sin kongress i Chicago sommaren 2012. I takketalen utfordra prisvinnaren verdsforbundet å engasjera seg i Aust-Europa, fordi tilhøva for synshemma der er svært vanskelege. Det enda med at Hans Bjørn sjøl fekk i oppgåve å undersøkja korleis tilhøva for synshemma og optikarfaget var i nabolanda til Moldova, Romania og Ukraina. Han kunne rapportera tilbake at tilstanden var like ille som for Moldova. I realiteten betyr det at optikarfaget er nesten fråverande, og synshemma totalt tilsidesette og forsømte. I etterkant av dette har det skjedd ei utruleg utvikling der alle gode krefter spelar på lag for å etablera optikarutdanning ved det medisinske universitetet i hovudstaden Chisinau i Moldova; truleg den første i sitt slag i landa som var innlemma i Sovjetunionen. Utgangspunktet er Hjelp Moldova og Hans Bjørn sitt mangeårige arbeid i Moldova. Samarbeidspartnararne er Brian Holden Vision Institute, Nicolae Testemitanu (det medisinske universitetet) i Chisinau, Norges Optikerforbund og Høgskolen i Buskerud og Vestfold på Kongsberg. I tillegg har tiltaket støtte frå den internasjonale organisasjonen "Optometry Giving Sight" og det norske Utanriksdepartementet.

Litt før jul i fjor møttest representantar for alle partnarane i lokala til Norges Optikarforbund i Oslo: Avdelingsleiarane i Brian Holden Institute, Luigi Bilotti frå Canada og Stephanie Looi frå Australia. Professorane Eugen Bedelic og Valeriu Cusnir, samt dr.med og leiar for Hjelp Moldova sitt kompetansesenter for synshemma,Tatiana Ghidirimshi, frå Moldova. Norske deltakarar var styreleiar Anne Jervell i Norges Optikarforbund, avdelingsleiar for optikarutdanninga ved Høgskulen i Buskerud, Bente Monica Aakre, og Hans Bjørn Bakketeig frå Hjelp Moldova.

2014 02 15 Anne Jervell, Tatiana, Benelic og CusnirAnne Jervell i Optikarforbundet får takk og handtrykk frå dr Tatiana Ghidirimshi, leiar for Hjelp Moldova sitt kompetansesenter for synshemma, og professorane Bendelic og Cusnir ved det Medisinske universitetet i Chisinau.

Hans Bjørn hadde i lang tid før Oslo-møtet kommunisert med deltakararane på telefon og Skype. Han skildra nøye forholda i Moldova, og kom med innspel til korleis eit undervisingsopplegg tilpassa Moldova kunne leggast opp. På møtet i Oslo presenterte så representantane for Brian Holden ein undervisingsplan, basert på Hans Bjørn sine rapportar og erfaringane instituttet har frå sine mange prosjekt i ei rekkje land, særleg Afrika, Asia og Mellom-Amerika. Deltakarane i Oslo fekk også møta Håvard Austad i Utanriksdepartementet. Departementet løyvde i for eit år sidan tre millionar kroner til eit tre årig kompetansebyggingsprosjekt i regi av Hjelp Moldova. Organisasjonen har fått gode tilbakemeldingar frå departementet for opplegg og gjennomføring av dette prosjektet. Håvard Austad var også svært positiv til det nye tiltaket; men kunne naturleg nok ikkje der og då forskottera midlar. I etterkant har departementet løyvt vel halvannan million kroner til optikarutdanninga i Moldova!

2014 02 15 Utanfor UD Møte i OsloUtanfor Utanriksdepartementet: Senior rådgjevar Håvard Austad i UD nr to frå høgre.

Etter Oslo-møtet er optikarutdanningsprosjektet i ferd med å ta av. For dei moldovske augespesialistane er ein draum i ferd med å gå i oppfylling. Dei moldovske professorane var som i den sjuande himmel. 11.mars 2014 startar det første av fire 11 vekers kurs for moldovske augespesialistar. Hausten 2015 vil Det medisinske universitetet i Chisinau for første gong i historien tilby nye studentar tre-årig studium i optometri. På sikt vil dette medføra at synshemma i Moldova kan få den hjelp og oppfølging dei til no så sårt har sakna. For moldovsk helsepersonell betyr dette at dei kan tilby synshemma hjelp og rettleiing i samarbeid med ei ny ekspertgruppe som til no har mangla; optikarane. For moldovske synshemma vil det bety at dei kan få den hjelp og oppfølgjing dei har mangla. Det vil auka muligheitene deira for å integrerast og ta del i samfunnslivet på linje med andre. For den moldovske republikken betyr det at dei får på plass ein ny byggestein i det moldovske hus. Tekst og foto: Kåre Ness