Logo

Merkedag for Moldova

Den 11.mars 2014 er ein merkedag i moldovsk historie. Då starta kurs 1 av fire 11 vekers universitetskurs i optometri. Kurset er det  første på dette fagområdet nokonsinne i Moldova; kanskje i heile gamle Sovjetunionen. Dei første studentane er 14 dyktige, unge ferdig utdanna augespesialistar. Gjennom kurset får dei kunnskap mellom anna om korleis dei kan diagnostisera, rehabilitera og integrera synshemma. Undervisinga er sett saman av forelesingar, praktiske øvingar og sjølstudium. Lærarkreftene er i hovudsak henta gjennom Brian Holden Vision Institute. Instituttet har i mange år drive denne type opplæring i ei rekkje land i Afrika, Asia samt Sør- og Mellom-Amerika.  Kurset i Moldova er spesialsydd i samarbeid med Instituttet, Universitetet og Hans Bjørn Bakketeig som deltek som rådgjevar. Hausten 2015 startar etter planen Det medisinske Universitetet i Chisinau for første gong i historien eit komplett studium i optometri for nye studentar. Studiet vil gå over tre år. På sikt vil dette medføra at alle synshemma i Moldova kan få den hjelp og oppfølging dei i følgje menneskerettatne har krav på, men som dei fleste med dette handkappet til no så sårt har sakna. Dette er ei storhending, og i realiteten ein viktig del av demokratiseringsprosessen i republikken. Det er først og fremst ein mann å takka; Hans Bjørn Bakketeig. At det no let seg realisera, er eit resultat av at han for to år sia vart utnemnd til “Optometrist of the World” for sitt arbeid i Moldova. Kva dette betyr for pasientar og  pårørande, er vanskeleg å ta inn over seg. For Hans Bjørn og hans støttespelarar betyr det at  ein stor draum er i ferd med å gå i oppfylling.   Kåre Ness