Logo

Trenerer nye lokale

Hjelp Moldova har i fleire år forhandla med moldovske styresmakter med tanke på å skaffa meir tenlege lokale til Synssenteret som vi etablerte for fem år sian. No kjem Helsedepartementet med nye krav, og nok ein gong er saka sett på vent. Med utgangspunkt i Hjelp Moldova sin innsats gjennom 20 år er det vanskeleg å skjøna at styresmaktene ikkje greier å kvittera med anstendige lokale. Bildet: Hans Bjørn Bakketeig med ung pasient på Synssenteret. Onsdag 26. mars var Tatiana Ghidirimshi (dagleg leiar for Synssenteret) og Hans Bjørn Bakketeig (leiar for Hjelp Moldova) på nok eit møte med Helseministeriet som denne gongen var representert ved viseministeren. Ministeriet krev no at Hjelp Moldova/Synssenteret skal registrerast som ein medisinsk institusjon, og at ei medisinsk forsikring skal dekka tenestene våre. Slik registrering kan ta lang tid, og før dette er gjort får vi neppe nye lokale til Synssenteret.

2013 12 17 I sosialdepartementetI rekka av møte; interdepartementalt møte 17. desember 2013. Då også vart saka om nye lokale for Synssenteret drøfta. Frå venstre: 1) Vasile Cusca – Head of Department Social Protection of People with Disabilities, The Ministry of Social Protection Family and Child, 2) Luminita Avornic – Deputy head of The Department of Primary Medical Care, The Ministry of Health, 3) dr. med. Tatiana Ghidirimshi, Head of Low Vision Centre, 4) Hans Bjørn Bakketeig, President of Help Moldova, 5) Ciobănaş Tudor – Head of Department Economic and Financial Department – The Ministry of Social Protection, Family and Child, 6) Veaceslav Tizu – Director – CREPOR

-Dette var skuffande og uventa. Vi treng meir plass til senteret. Vi trudde vi var nær ei løysing. Helseministeriet trenerer saka vår, seier Hans Bjørn som har bede om eit møte med statsministeren, eller representant for statsministeren, for å få ei forklaring, og for å finna ut kva som  trengst for å koma ut av uføret. Hans Bjørn har vore i Moldova sidan tidleg i mars då han var med og sette i gang det nye studiet i optometri ved Det medisinske universitetet. Hans Bjørn har delteke som rådgjevar og instruktør heile perioden. Han seier at det har vore spanande og gjevande å vera med på etablering og gjennomføring av det første optometrikurset nokon sinne i Moldova, og han er godt nøgd med innsatsen og interessa til deltakarane. -Dagane går fort. Aktiviteten er høg. Deltakarane er flinke. Vi starta med teori. No på slutten har studentane fått erfaring med undersøking av synshemma. I går tirsdag hadde vi over 30 pasientar! Det har vore lita tid til andre gjeremål enn kurset. Likevel har Hans Bjørn funne tid til å jobba med eigne pasientar på Synssenteret saman med den nytilsette augelegen, Stella. Stella er dyktig og har godt lag med pasientane. Ho utgjer ei verdifull styrking av staben; til beste for dei synshemma. Onsdag  jobba Hans Bjørn saman med Norlam. Norlam arbeider på oppdrag av norske justis-styresmakter med å etablera og forbetra moldovsk lovverk. Norlam har mellom anna etablert eit ungdomsfengsel i Moldova, og er også engasjert med å etablera nye ordningar i eit kvinnefengsel. Onsdag besøkte Hans Bjørn og representantar for Norlam eit kvinnefengsel med tanke på leggja ein plan for korleis Hjelp Moldova kan utføra synsundersøking av dei nær 400 fangane. Hans Bjørn ønskjer å nytta studentane ved optometrikurset til dette arbeidet. -Studentane er veldig positive til dette, og får vi aksept for å ta dei med, vil vi kunna utføra testinga raskt og effektivt, seier Hans Bjørn.   Kåre Ness