Logo

Visepresident Biden besøkjer Chisinau

Den 11. mars 2011 kjem den amerikanske visepresident Joe Biden på eit kort besøk til den moldovske hovudstaden Chisinau der han møter statsminister Vlad Filat og fungerande president Marian Lupu. Internasjonale media rapporterer at visepresidenten vil signalisera at amerikanske styresmakter ønskjer å støtta demokratiske og økonomiske endringar i Moldova. På bildet tek moldovske vegarbeidarar ein pust i bakken under arbeidet med å fjerna slagholer i hovudgata Stefan Cel Mare i Chisinau før visepresidenten kjem på besøk. Det er første gong ein amerikansk president eller visepresident vitjar Moldova som ofte vert omtala som det fattigaste landet i Europa. Biden kjem frå besøk i Finland og reiser vidare til den russiske hovudstaden Moskva. Moldova strir for tida med eit uklart politisk landskap. Etter tre ulike valomgangar har det enno ikkje lukkast parlamentet å finna ein koalisjon som er stor nok til å velgja ny president i republikken som feirer 20 år som sjølstendig nasjon i 2011. Tekst og foto: Kåre Ness