Tonje (17) ny i styret
Posted by Kaare on 10 Apr 2014 in 2014
På årsmøtet 7. april 2014 vart Tonje Stølsnes Faanes frå Os vald inn i styret for Hjelp Moldova. Tonje er elev ved Os vgs og har alt representert organisasjonen ved fleire høve. Kristine Krokli hadde sagt frå seg attval grunna studier. Dei andre styremedlemmene held fram som før med Hans Bjørn Bakketeig som leiar.
Ny i styret; Tonje Stølsnes Faanes
Styret i Hjelp Moldova er no slik samansett:
Leiar: Hans Bjørn Bakketeig
Nestleiar: Åse Hundvin
Kasserar: Astrid Daae Kristiansen
Skrivar: Kåre Ness
Styremedlem: Tonje Stølsnes Faanes
Varamedlemmer: Nils Fredrik Nilsen og Jarle Ådlandsvik

Styremedlemmer i Hjelp Moldova: Kåre Ness, Astrid Daae Kristiansen, Hans Bjørn Bakketeig, Åse Hundvin og Tonje Stølsnes Faanes. Nils Fredrik Nilsen og Jarle Ådlandsvik var ikkje tilstades. Foto: Vidar Fløysand.

Veteran og nybegynnar: Jon O Vevle, første leiar for Hjelp Moldova, har vore med frå starten tidleg på 1990-talet. Tonje startar no.
Kåre Ness