
Håvard Austad får innføring i bruken av LeseTV; eitt av mange hjelpemiddel Hjelp Moldova kan stilla til rådvelde for synshemma.
-Det var svært gledeleg at Austad tok seg så god tid å møta oss under opphaldet sitt i Moldova no i april, seier hans Bjørn Bakketeig som er leiar for Hjelp Moldova. Saman med Tartiana Ghidirimshi, sjef for Synssenteret, gav han ei grundig innføring i arbeidet med og for synshemma, og korleis midlane frå UD vert nytta til å byggja kompetanse mellom legar og anna personale som har ansvar for synshemma.Kaffi og prat på Synssenteret. I løpet av dei fem åra senteret har eksistert, har meir enn 3000 pasientar fått hjelp i dette beskjedne lokalet. Austad var svært oppteken av å få ei god forståing av problema synhemma møter i det moldovske samfunnet.
Arbeidet i Moldova innber ei rekkje utfordringar; ikkje minst i møtet med moldovske styresmakter. Hjelp Moldova har i mange år jobba med Sosialdepartementet og Helsedepartementet med tanke på å involvera dei og ansvarleggjera dei. Det er eit langt lerret å bleika. Det manglar ikkje på verbal støtte og ros. Både Hans Bjørn og organisasjonen har fått diplomar og høge utmerkingar frå høgaste hald. Men når det kjem til å omsetja ord til praktisk gjerning, er resultatet nær null. -Vi er takksame og optimistiske når Austad i dag har lova å hjelpa til med å finna løysingar på våre utfordringar til beste for det moldovske samfunnet, seier Hans Bjørn Bakketeig. Kåre Ness/UtanriksKÅREspondent i Chisinau