
Cornelia Cernolev (36) er ei av dei som har fått eit nytt liv etter møtet med Hans Bjørn. Du kan lesa meir om hennar lagnad i BT-magasinet som kom ut onsdag før påske. I dag fekk ho eit ekstra par briller, slik at ho har ei forsikring i fall noko skulle skje med det første paret. Ho kasta seg om halsen på den norske velgjeraren sin medan TV Publika filma de heile. Til venstre står Tatiana Ghidirimshi som er augespesialist og sjef for Synssenteret som Hjelp Moldova etablerte for fem år sidan.
TV Publika ville gjerna vita meir om Hans Bjørn og grunnane til at han ofrar all si tid for synshemma i Europas fattigaste land. -Kvifor Moldova? Kva visste du om landet før du kom hit? Kva føler du når du ser resultatet av arbeidet ditt? Kva tenkjer du om dei du arbeider saman med? Kvar kjem pengane frå? Korleis opplever du støtta frå moldovske styresmakter?Hans Bjørn i midten, TV Publika-journalisten til høgre, Tatiana sit mellom dei og tolkar, og til venstre kamaramannen.
Hans Bjørn fortel at han ingenting visste om Moldova før han kom hit første gongen i 2001. Det var Arne Kåstad, dåverande leiar for organisasjonen, som kontakta han. Hjelp Moldova ønskte å gjera noko for blinde og svaksynte ved ein skule for slike born, men hadde ingen kompetanse på området. Hans Bjørn tok opp hansken.
Han seier at tårene renn når han ser reaksjonane til dei som med eitt kan sjå. Han seier at medarbeidarane i Moldova legg heile sitt hjarta i arbeidet, og gjer ein fantastisk jobb. Han fortel med entusiasme om støtta frå UD, Grieg Foundation, om enkeltpersonar og ikkje minst om den fantastiske innsatsen elevane ved vidaregåande skular på Os, i Bergen, i Fusa og Bamble gjer gjennom sitt solidaritetsarbeid. Han vert litt avdempa og diplomatisk når han omtalar tilhøvet til moldovske styresmakter, og seier han vonar at dei i løpet av kort tid kan medverka til at Synssenteret, som i desse dagar feirer 5-årsjubileum, får tildelt meir tenlege lokale...
Kåre Ness/UtanriksKÅREspondent/pt med sete i Chisinau