
Hans Bjørn legg ut om kor viktig moderne diagnoseutstyr er for at synshemma pasientar skal får rett behandling. Via kompetansehevingsprosjektet Hjelp Moldova gjennomfører, får samtlege augelegar i Moldova tilført grunnleggande kunnskap innan optometri. Institusjonane dei arbeider på får tilført moderne basisutstyr for diagnostisering.
I midten står ein splitter ny spaltelampe med kamera som kan ta bilde av det indre auga. Dr. Raisa fortel at eit slik instrument betyr eit kvantesprang for henne i jobben med synshemma pasientar.
Tid for pensjonering: Denne lampen i kombinasjon med med det vesle, runde speilet med hol i midten, var den gamle sovjetiske versjonen av eit retinoskop for å måla brytning i auga. Metoden er ukjent i vesten.
Dei fleste i sjukehus og poliklinkkar nyttar framleis manuelle system for journalføring og pasientlister. Mange institusjonar har også datamaskiner, men det er langt fram før bruken av slikt utstyr er effektivt.
"Alle hjerter gleder seg" over ny kunnskap og nye hjelpemiddel: Dr. Ciorba, Tatiana, Hans Bjørn, dr. Raisa og journalist Liliana i Publica TV.
Dokumentasjon er viktig del av arbeidet. Alle institusjonar får ei oversikt og kvitterer for utstyr dei mottek. Det sokalla "Letter of Donation" vert signert av sjukehusdirektøren, av Hjelp Moldova, og av leverandøren.
Besøket ved poliklinikken er slutt. Over utgangsdøra heng bildet av Jesus. For dei i Orhei er Hans Bjørn Frelsaren...
Tekst og foto: Kåre Ness/UtanriksKÅREspondent som var i Orhei