
Familien Bezer er stor, eit heilt fotballag med reserve, 12 i talet. Berre to ser. Borna kjem til verda utan regnbogehinner. Det kan best samanliknast med at auga ikkje har blendaropning som regulerer for lyset. Dagslys smertar, og endå verre er det om sola skin.
Bildet: To brør, 29 og 26, to fedre i ein familie utan syn. Mor Valentina og far Leonid i 50-åra. Fire søner, Alexander, Veoceslav, Christian og Dorin frå 29 til 10. Og ei dotter, Elisaveta på 13. To svigerdøtre, Olga heiter dei begge to, og tre barnebarn; Gabriel, Ariana og Valentin. Berre den eine Olga og eine barnebarnet ser.Christian (16) har fått nye briller med filter. Nesten som ei solbrille. Då får han ikkje smerter i augene og verk i hovudet. Hans Bjørn fortel TV-journalisten korleis brillene fungerer for ein som er var for lys.
Elizaveta les høgt frå ei av skulebøkene sine på den nye leseTV´n.
I pappas hender: Minstemann i familien, Gabriel på 2 1/2 månad, får si første provisoriske undersøking ved hjelp av lommlyktfunksjonen på Iphonen. Det er nok til å slå fast at også han er utan regnbogehinne. Den tiande i familien...
Dorin prøver nye sko. Vi hadde med sko, ein del klede og noko sengetøy, alt splitter nytt og fint. I tillegg var Hans Bjørn og Tatiana på supermarknad i Chisinau og kjøpte med ein del matvarer; mjøl, smør, ris, olje, pølse og ein stor pose snop.
...og Elizaveta får seg ny jakke!
Avskjed: To unge ektepar med to små born spør. Tatiana som har via heile si legegjerning til å hjelpa sine landsmenn, prøver å finna svar. Det finst enno ikkje effektive behandlingsmåtar for dei som manglar regnbogehinne.
Avskjed 2: Mor Valentina og far Leonid - stolte menneske.
Tekst og foto: Kåre Ness/UtanriksKÅREspondent som var i Orhei