
Våren fargar landet grønt. I dette området finn vi også høgaste punkt i Moldova på vel 300 meter.
Langs vegkantane beiter store flokkar med sau og kyr. Ser du godt etter, finn du alltid hyrden, somme gonger to.
Så kjem dei store skogane. Inni dei store skogane veks ville og vakre blomar. Flinke blomehender lagar vakre bukettar. Kampen om kundane er knallhard.
Valet var vanskeleg. Denne unge blomebindaren vann konkurransen om leveransen til vår bil, og fekk prisen han forlangte...
Kunne vore Hardanger, men fjorden manglar, og fjella. Men elles er Moldova fullt ut konkurransedyktig i bløming med fruktbygdene heime.
Ja, ja, du fer etter vegen? Ja, eg gjer så. På gamlemåten med ei enkel hakke ut på dei endelause åkrane. Men åkrane og markene ser velstelte ut no, meir enn før. Moldovarane har lang tradisjon med jorbruk; grønnsaker, frukt, tobakk og vin, og muligheitene er store.
I parken utanfor poliklinikken, målet for turen vår denne dagen, møter oss raude blomar mot jordsvart bakgrunn. Rettar seg opp og helser velkommen, som ei kjærleikserklæring til oss langt borte frå.
Ein vakker vårdag var det. Til og med skalet frå ei banan gjorde seg lekkert for oss, som ein fugl klar til å fly, eller ein som kanskje nett hadde landa...
Tekst og foto: Kåre Ness/UtanriksKÅRE, vegfarande retning Orhei