Elleve av dei 14 kandidatane med kursdiplomet.
Kurset har gått over 13 veker med undervising i teori og praksis. Eksamen besto av skriftleg prøve (ein dag) pluss diagnostisering av pasientar (to dagar), samt å finna rett hjelpemiddel for desse. Representantar frå Brian Holden Vision Institute, Norges Optikerforbund og Hjelp Moldova har stått for undervising og fagleg rettleiing. I løpet av inneverande år og 2015 er det planlagt to nye kurs for eit tilsvarande tal studentar.I midten framme sit PhD May Ho frå Brian Holden Vision Institute. Ho hadde teke turen frå Australia for å undervisa på avslutningsdelen av kurset. Til høgre for henne professorane Eugen Bendelic og Valeriu Cusnir som er dei fremste augespesialistane i Moldova. Til høgre for ho sit Hans Bjørn Bakketeig, leiar for Hjelp Moldova, og Tatiana Ghidirimshi, leiar for hjelp Moldova sitt Synssenter. Tatiana, som har doktorgrad innan rehabilitering og integrering av synshemma, deltok som student på kurset.
Bakgrunnen for kurset finn vi i at Hans Bjørn Bakketeig vart utnemnt til "Optometrist of the World 2012" for sitt arbeid i Moldova. Hans Bjørn fekk utmerkinga i Chicago på optikarane sin verdskongress. I takketalen tok Hans Bjørn opp tilhøva for svaksynte i dei tidlegare sovjet-republikkane. Det førte til at Brian Holden Vision Institute engasjerte seg. Instituttet har lenge arbeidd med og for svaksynte i ei rekkje land i fleire verdsdelar, men aldri før i Europa.Studentane på praksisoppdrag i Rusca kvinnefengsel vest i Moldova.
I Moldova arbeider Brian Holden tett med Hjelp Moldova, Norges Optikerforbund/Optometrists Giving Sight (OGS), samt Høgskolen i Telemark og Buskerud (som utdannar optikarar i Norge). Finansieringa skjer i eit samarbeid mellom Brian Holden, Norges Optikerforbund/OGS og det norske Utanriksdepartementet. Tekst: Kåre Ness Foto: Hjelp Moldova/Kåre Ness