Vesle Daniel opna stort senter
Posted by Kaare on 13 Apr 2016 in 2016, Nytt
Vesle Daniel klipte snora saman med Herman Baskår. Dermed var det nye senteret opna. Daniel (10) representerte brukarane ved senteret. Herman Baskår, ambassaderåd i Bucuresti, representerte norske styresmakter.
- Mange sa at tankane våre, planane våre og ønskja våre var urealistiske. Men i dag har draumane våre gått i oppfylling. Eg er så stolt og glad, sa Tatiana Ghidirimshi som leiar Senteret.
Bildet: Tatiana assisterer, Daniel klipper. (Foto: Flimmer Film).
Klart for snorklipping og høgtid:
.
Hans Bjørn introduserer snorklipparane: Brukar Daniel og ambassaderåd Herman.
.
Gjestelista var imponerande med representantar frå FN sin høgkommisær i Moldova, den moldovske statsministeren sitt kontor, helsedepartementet, sosialdepartementet, parlamentet, det medisinske universitetet i Chisinau, brukarane ved senteret, dei tilsette ved senteret, den norske ambassaden til Romania og Moldova, det norske Utanriksdepartementet, og ei rekkje andre av våre gode samarbeidspartnarar.
Xenia Siminciuc representerte FN sin høgkommisær til Moldova. Ho er svaksynt og brukar ved senteret. - Det er ikkje dei med handicap det er noko gale med, det er omgjevnadane, sa ho. Når tilhøva vert lagt til rette, kan alle fungera; i skule, arbeid og fritid. Til venstre Boris Gilca, tidlegare vise-helseminister, no rådgjevar ved statsministerens kontor. Hans bidrag har vore avgjerande for at vi fekk dei nye lokala.
.
Mircea Buga, tidlegare sosialminister, no rådgjevar for statsministeren, sa mellom anna: - Statsminister Filip Pavel helsar dykk. Vi er imponerte over innsatsen og resultata de har oppnådd. Vi er klare for å vidareføra samarbeidet. Våre dører er opne.
.
Aase Larisssa F. Kosanovic er underdirektør i Utanriksdepartementet, her i sitt første møte med Tatiana Ghidirimshi. Utanriksdepartementet har i mange år vore vår viktigaste samarbeidspartnar i arbeidet med å bygga opp den augehelsetenesta i Moldova.
.

Brukarane ved senteret var godt representerte. Ti år gamle Svetlana kom frå Tiraspol i utbrytar-regionen Transnistria saman med mamma Olesea. Begge er sterkt synshemma, men kan leva eit normalt liv takk vere hjelp frå Synssenteret.
.
Meir om opninga seinare.
.
Tekst og foto: Kåre Ness