Logo

Hjelper livstidsfangar- Serving lifetime inmates

Onsdag 13. juli 2016 møtte Hans Bjørn og Tatiana for første gong livstidsfangar i fengsel Nr 17 i Moldova, Rezina-fengselet. I september er det gjort avtale om å starta opp synsundersøkingar av dei innsette.

-Eg visste vi kom til å møta drapsmenn, og må innrømma at eg var litt nervøs først. Det vart eit sterkt, men fint møte, seier Hans Bjørn. Short English version to follow: Short English version: NORLAM, together with Help Moldova and Department of Penitentiary Institutions, visit to day Prison no 17. We meet several of the inmates on life sentence - with the purpose to discuss the legislation and conditions in the prison, NORLAM stated. The representatives from Help Moldova were invited for eye-examination of the inmates like they did before in prisens for juviniles (Gujan) and women (Rusca). ------------------ Dei to frå Hjelp Moldova, leiar Hans Bjørn Bakketeig og leiar for Synssenteret, Tatiana Ghidirimshi, var på sitt første møte i Rezina-fengselet. Tidlegare har Hjelp Moldova vore engasjert av NORLAM i ungdomsfengslet Gujan og kvinnefengselet Rusca. image Fengselsdirektøren (til venstre) tek mot Hans Bjørn og Tatiana. (Prisongovernor welcomes Hans Bjørn and Tatiana from Help Moldova)  Norske NORLAM er det norske justisdepartementet si arbeidsgruppe i Moldova som på oppdrag for det moldovske justisdepartementet arbeider med reformer innan straffelovverk og fengselsvesen. Trongen for synshelseteneste er stor i moldovske fengsel, og erfaringane med å gje slikt tilbod til fangane svært gode. Med på møtet onsdag var NORLAM, representantar for det moldovske fengselsdirektoratet, leiinga ved fengselet, samt dei fleste av av fangane med livstidsdom. Føremålet med møtet var å drøfta lovverk og soningsforhold i fengselet. Alle partane såg med stor velvilje på tilbodet om synshjelp. image Eksterne deltakarar på møtet i Rezina-fengselet saman med fengselsdirektøren. Siri Fjørtoft, fengselsansvarleg i NORLAM, er nummer tre frå venstre. -Vi har erfaring for at behovet for helsetenester generelt er stort i fengsla her. Fangane har aldri fått synshjelp tidlegare. Mange ser så dårleg at dei kan vera vanhjelpne med elementære ting. Dei kan ha store problem med å delta i aktivitetane i fengselet grunna synsvansker. Då vert soninga endå hardare, og vi veit generelt at livet som innsett kan vera svært tøft her. Fleire av fengsla i Moldova får sterk kritikk av menneskerettsorganisasjonar, seier Hans Bjørn. Rezina-fengselet har omlag 350 fangar. Av desse sit 109 med livstidsdom. I Moldova betyr det livstid. Etter 35 år kan ein fange søkja om å verta sett fri. - Eg hadde eit lite innlegg for 45 drapsmenn, og handhelste på alle. Det var spennande, på førehand litt skremmande, men men møtet vart for meg, og eg trur for dei, ei god stund. Eg forstår at dei ser fram til å få hjelp. Vi har avtalt synsundersøkingar i fengselet 7.og 8. september, fortel Hans Bjørn. Foto: NORLAM. Tekst: Kåre Ness med bidrag frå NORLAM Link til NORLAM sine  heimesider: NORLAM