Hans Bjørn Bakketeig fortel:
- Etter operasjonen har synsstyrken til Damian auka med mange prosent. Han skal til kontroll hos oss på Senteret i mai. Han reiste heim frå sjukehuset i går. Vi tok familien med på McDonalds, og det gjorde stor lykke! Familien fekk 3000 lei (ca 1400 kroner) frå julegåvepengane. Det er god hjelp til medisin, reise- og opphaldsutgifter i samband med operasjonen, og kanskje rekk til å kjøpa litt nye klede for Damian og søstera hans. Etter møtet med Damian besøkte vi familien Stefirta.
God tur heim til mamma Claudia og Damian frå Hans Bjørn Bakketeig. Men først kos på restaurant!
For Pavel er det alltid stor stas når vi kjem. Han kan ikkje snakka, men kroppsspråket seier alt.
Litt meir om dei to familianeFamilien viser fram ny-renovert leiligheit. (Foto: Kåre Ness)
Familien bur i ei blokkleilighet som etter norsk standard er eit salderingsprosjekt. Husveret var trekkfullt og fuktig og svart i taket. Hausten 2016 greidde familien, ved hjelp av pengar frå Julegåveprosjektet og anna støtte, å få renovert leiligheita. No er her nye vindauge og dører og veggane er nymalte i lyse fargar. Det er reint og pent og ordentleg over alt. Skoene står på rekke, og tøyet ligg i pene stablar med teljekant. Kjøkkenet er ryddig, og den mugne lukta er heilt borte. Livet til den vesle familien er snudd opp ned i positiv meining. Dei kan ikkje få takka nok. -------------------------------------------Pavel (27) treng hjelp til alt. Absolutt alt. Mor Maria brukte all si tid på sonen sin frå han var fødd til ho døydde for snart to år sidan. Det vart katastrofe for Pavel. Men så, heilt uventa for oss, overtok storebror Andrej (34) ansvaret. Det er ei modig avgjerd med store konsekvensar.
Livet vart snudd opp ned for Andrej. Pavel manglar språk. Han treng hjelp til mating, vask, bleieskift , klede på og av, og når han skal flyttast.
Dei siste ti åra har Hjelp Moldova støtta familien. Den beskjedne pensjonen dei får, dekkjer på langt nær utgifter til mat, medisin, straum, gass, husleige, bleier med mykje meir. Pavel har fått ny seng og madrass innkjøpt for julegåvepengar. Maria fekk vaskemaskin. Pavel elskar musikk. CD-spelaren, også kjøpt for julegåvepengar, går dag og natt. Julegåvepengar har svært stor betydning for den vesle familien.Kvar dag går Andrej på tur med Pavel. Då vi besøkte familien i november i fjor, var også far deira (til høgre) med. Med i følgjet Frode Brurås, Nils Fredrik Nilsen, Kåre Ness og Hans Bjørn Bakketeig.
På vegne av dei som nyt godt av gåvene: Hjarteleg takk til alle som støttar!
Tekst: Hans Bjørn Bakketeig/Åse Hundvin/Kåre Ness Foto: Tatiana Ghidirimshi