Logo


Organisasjon


Hjelp Moldova er ein humanitær hjelpeorganisasjon som er religiøst og politisk uavhengig.
Organisasjonen starta arbeidet sitt i 1993. Dei første åra som reint naudarbeid; typisk trailarlastar med mat og klede. Sidan 2001 har hovudaktiviteten vore "Prosjekt synshjelp". Arbeidet i organisasjonen er dugnadsbasert, og alt av utstyr og hjelpemiddel er gratis.2017 01 19 Lover og vedtekter Finale

Gutt_Romania_300  Jordbær-lese-tv_thumb

Vil du bidra?
Kan du tenkje deg å støtte prosjektet vårt med ein pengegåve eller bli fast givar (f.eks. kr 100,-/md), kan du vipsa oss på nummer 107524 eller nytta vårt kontonummer 3626 07 23590 for å sette opp trekk i nettbanken din. Faste givarar har status som medlemmer, og har då stemmerett på årsmøta.

Bli sponsor eller medlem
Dersom du ønskjer å bli sponsor, kontakt Jarle Ådlandsvik
(jar-aadl@online.no) eller Heidi Kleiven (heikleiven@gmail.com).

Medlemskontingenten er kr 250,-/år og kan betalast til
kontonr. 3626 07 23590.

Alle med betalt kontingent har stemmerett på årsmøta.

Kontaktinfo
Hjelp Moldova
v/ Jarle Ådlandsvik
Søre Ådlandsvik 8
5314 Kjerrgarden

Bankkonto: 3626 07 23590
Vipps: 107524

IBAN-nr: NO74 3626 0723 590
Elektronisk IBAN-nr: NO7436260723590

Organisasjonsnr. 986 20 5470

------------------------------------------------

Styret

I 2021 har styret i Hjelp Moldova denne samansetjinga:

 Namn/verv: Telefon: E-post:
 Jarle Ådlandsvik, leiar 909 41 864  jar-aadl@online.no
Heidi Kleiven, nestleiar 913 66 864  heikleiven@gmail.com
 Sveinung Mo, kasserar 911 89 504 sveinumo@online.no
 Nils Fredrik Nilsen, styremedlem 992 05 920  nilsenint@bkkfiber.no
 Galina Gradinari, styremedlem 482 47 753 gradinarigalina@yahoo.com
Vidar Fløysand, varamedlem 412 19 696 vidar@floysand.com
 Marit Hundvin, varamedlem 906 34 162 marithundvin@hotmail.com


Tidligere styreledere

  • 1994–2000: Jon O. Vevle
  • 2000–2008: Arne Kåstad
  • 2008-2017: Hans Bjørn Bakketeig
  • 2017–2018: Kåre Ness
  • 2018 - Jarle Ådlandsvik
  • -------------------------------------------------------------
    .

2017 01 19 Lover og vedtekter

LOVER OG VEDTEKTER

$ 1  Foreininga sitt namn:

Hjelp Moldova

$ 2 Foreininga sitt føremål

Hjelpa vanskelegstilte menneske.

$ 3 Foreininga er ein partipolitisk og ideologisk uavhengig organisasjon.

$ 4. Medlemskap

Medlemskap er ope for alle enkeltpersonar og organisasjonar.

Organisasjonar og andre kollektive medlemer har berre 1 (ei) stemme og berre 1 (ein) person er valbar til styret.

Medlemskap i Hjelp Moldova vert registrert ved innbetalt kontingent og registrerte faste gjevarar.

Alle medlemer skal gjerast kjent med foreininga sine lover og vedtekter.

Medlemskap opphøyrer automatisk dersom kontingent ikkje er betalt innan utgangen av mars månad.

$ 5 Styret

Styret leiar foreininga si verksemd etter retningslinjer fastsett av årsmøtet.

Styret er ansvarleg for at foreininga sine midlar og eigedelar vert forvalta på ein god måte.

Styret skal ha 7 (sju) medlemer der 5 (fem) har stemmerett. Leiar, nestleiar, sekretær, kasserar, ein styremedlem og to varemedlemer.

Ved likt stemmetal er leiar si stemme avgjerande. Styret er forplikta ved underskrift av leiar eller nestleiar. Varamedlemer skal innkallast og har møterett til samtlege styremøte.

Styret er vedtaksført når 3 (tre) eller fleire av styremedlemene er tilstades, så sant leiar eller nestleiar er tilstades.

For å løysa spesielle arbeidsoppgåver kan styret oppretta ein eller fleire undergrupper (utval) som har plikt til å informera styret om aktiviteten etter kvart.

$6 Årsmøtet

Årsmøtet er foreininga sitt høgaste organ.

Årsmøte skal avviklast innan utgangen av april månad. Styret innkallar til årsmøte med 14 (fjorten) dagars varsel med opplysningar om dagsorden.

Innkallinga skal innehalda:

Stad, dato, klokkeslett , styret sin årsraport, rekneskap, handlingsprogram for komande år og kven som står på val.

Årsmøtet vert leia av leiaren. For årsmøtet si behandling av saker nevnt under, kan ein velja ein dirigent.

  1. Styret sin årsrapport
  2. Revidert rekneskap frå forrige år
  3. Handlingsprogram for komande år
  4. Val av leiar, styremedlemer og varamedlemer til styret
  5. Val av valkomite, innkomne forslag
  6. Fastsetja medlemskontingent

$ 7 Val

Valkomiteen skal ha 3 (tre) medlemer, der 1 (ein) er leiar. Alle vert valde for 3 (tre) år. Leiar i valkomiteen er den som har tredje året. Eit medlem går ut kvart år.

Alle styremedlemmer og varamedlemmer vert valde for to år om gangen.
Årsmøtet velgjer leiar for eitt år. Valet av leiar skal vera skriftleg.

Første året vert det valgt 2(to) styremedlemer og  1(ein) varamedlem , andre året vert det valgt 2(to) styremedlemer og 1(ein) varamedlem . Styret konstituerer seg sjølv på første styremøte etter årsmøtet.

Nyvalde medlemer og varamedlemer overtek sine verv straks årsmøtet er heva.

Forslag til kandidatar til tillitsverv skal vera valkomiteen ihende seinast 7 dagar etter dato for årsmøte er sett. Alle som blir føreslått skal vera spurde på førehand.

Benkeforslag skal kun gjelda personar som er tilstades på årsmøtet.

$ 8 Røysteføre

Røysteføre er berre faste gjevarar og frammøtte medlemer med gyldig betalt medlemsskap for inneverande år.

$ 9  Innkomne forslag

Forslag/saker som er ønskt behandla på årsmøtet, skal sendast skriftleg til styret i Hjelp Moldova seinast 7 dagar før årsmøtet. Årsmøtet handsamar endringsforslag av: Lover, vedtekter og alle andre prinsipielle saker. Lovendringar krev 2/3 fleirtal. Andre endringar vert avgjort av simpelt fleirtal av frammøtte røysteføre.

$ 10 Ekstraordinært årsmøte

Ekstraordinært årsmøte vert halde når styret finn det nødvendig eller når minst 5 (fem) medlemer krev det skriftleg. Møtet vert innkalla med 8 (åtte) dagars varsel, og kan kun handsama dei sakene som har ført til innkallinga.

$ 11 Vedtak om oppløysing av foreninga

Vedtak om oppløysing av foreninga krev 2/3 fleirtal av frammmøtte røysteføre på årsmøtet, ordinært eller ekstraordinært. Foreninga sine midlar skal då koma det arbeidet til gode som Hjelp Moldova har som hovudføremål, og i samsvar med dei vedtak som er fastsett på årsmøtet. Det vert vald eit avviklingsstyre med 3 (tre) medlemer.